Lokal | 14. apr. 2014

Må betala oppreising etter mishandling

Han slepp fengsel, men må ut med 50.000 kroner, mannen som var tiltalt for fleire tilfelle av mishandling og krenking av sambuaren.

Må betala oppreising etter mishandling
Bergen tinghus. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 14. apr. 2014 12:11

I førre veke blei ein mann i 40-åra dømt til å betala 50.000 kroner i oppreising til sin utanlandske sambuar etter fleire episodar med vald på ei adresse i Os.

Aktor la ned påstand om eitt år fengsel, men tiltalte blei, trass i at retten ikkje var i tvil om at det hadde vore fleire tilfelle av vald i heimen, frikjent for brot på paragraf 219.

Slag, trugslar og nedsetjande kommentarar

Det var i ein periode frå mars til september 2010 at kvinna blei mishandla og truga av sambuaren sin.

Det skal ha starta med at han fann ut at ho tidlegare hadde vore kjæraste med ein kamerat av han, og at han truga ho til å skriva melding til eks-kjærastane sine der ho fortalte at ho angra.

Kvinna skal ved ulike tilfelle ha blitt slått med knytta hand, med ei bærbar datamaskin og drege etter håret.

Ho skal også ha blitt sparka, spytta på og blitt kalla tjuv og hore.

Trudde ikkje på knivstikking-forklaring

Kvinna påsto også at ho hadde blitt stukken i handa med kniv av sambuaren.

Tiltalte blei på 90-talet dømt for tre tilfelle av lekamsskading med kniv, éin av dei mot kjærasten sin.

Men retten festa ikkje lit til kvinna si forklaring, både fordi vitne som var på besøk denne dagen observerte at ho var åleine i eit rom då dette skjedde, og fordi ho ikkje forklarte om knivstikkinga før over eit år etter at det skal ha skjedd.

Frikjent, men erstatningspliktig

12 vitne gav forklaring i retten. Nordhordland tingrett var ikkje i tvil om at det hadde vore vald i heimen, og fann to episodar bevist.

Men som enkeltepisodar var ikkje desse alvorlege nok til at det kunne dømmast som brot på paragraf 219, og dei fann det heller ikkje bevist at det har vore «vedvarende og gjentakende krenkelsen og mishandlingen av den nærstående».

Også fornærma blei oppfatta som ei med stort temperament, og som har framprovosert kranglar. Ho har blant anna forklart at ho kasta tiltalte sin mobiltelefon i do for å provosera han.

Men når det gjeld sivilt krav om oppreising er det lågare krav til bevis.

Kvinna sin advokat bad om 100.000, men tiltalte blei dømt til å betala halvparten, 50.000 kroner i oppreising.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.