Næringsliv | 16. juli 2015

Må søka om bruksendring

Solsiden må søka bruksendring frå restaurant til nattklubb/pub. – Vi trudde alt var i orden, men har ein god dialog med kommunen og skal sjølvsagt ordna opp, seier Tore Andre Sagstad.

Må søka om bruksendring
Tore Andre Sagstad (arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Andris Hamretorsdag 16. juli 2015 09:21

I midten av juni fekk Solsiden-eigar Tore Andre Sagstad brev frå kommunen der det gjekk fram at nattklubben/puben ikkje var godkjent etter plan- og bygingslova.

«I følgje byggesak sitt arkiv er det gitt løyve til å bruksendre solsiden frå næring til «forsamlingslokale/ restaurant» i 2003.....

....Endringa frå restuarant til nattklubb/pub er søknadspliktig etter plan- og bygningslova § 20-1 (1)d). Vi kan ikkje sjå at det er gitt løyve til slik endring i vårt arkiv. Med bakgrunn i dette vert de varsla om at tiltaket vert vurdert følgt opp etter reglane for brot på plan- og bygningslova i kap 32.», heiter det mellomanna i brevet frå kommunen, kor Sagstad får frist til 14. juli med å søka om den naudsynte endringa.

Er i god dialog

Sagstad fortel han blei overraska då han fekk brevet frå kommunen.

– Her har verken vi, huseigar, eller kommunen sjølv for den saks skuld, vore klar over at det måtte ei brukendring til. Vi søkte om utvida skjenkeløyve og drift til nattklubb og fekk det frå kommunen. Då tok vi det for god fisk at alt var i orden. Vi har vore i god tru og ikkje gjort noko med overlegg.

– Når det er sagt, så skal vi sjølvsagt ordna opp i dette. Vi har ein god dialog med kommunen og har fått utsett frist til midten av september med å senda inn dei naudsynte papira. Eg har hyra inn ABO Arkitektar til å hjelpa meg i prosessen som allereie er i gang, fortel Sagstad.

Fått krav om støymåling

Frå kommuneoverlegen har han òg fått varsel om pålegg om å foreta støymålingar, og om målingane syner for høge resultat, gjera naudsynte tiltak for å komma under krava kommunelegen stiller.

– Eg har forsåvidt òg vore i kontakt med kommuneoverlegen. Eg må seie eg finn det litt påfallande at dei to kommunale etatane ikkje har snakka saman før dei sender oss desse varsla.

– Når det gjeld kravet om støymåling så har vi påklaga dette. Det har blei foretatt støymålingar utført av Sweco på oppdrag frå huseigar for 2 år sidan som viste tilfredsstillande resultat. Eg meiner desse framleis må leggast til grunn, seier Sagstad.

Held ope som før

Sagstad fortel at han, i forståing med kommunen, held utestaden open som før.

– Vi har fått utsett frist for å søka om bruksendringa, så vi held fram som før, både med sportsbar og live-pianobar. I tillegg er vi midt i planlegginga av vorspiel og nachspiel for Osfest, kor vi i år ikkje vil kreva inngangspenger slik som det var i fjor. Vi har òg Dragebåtfestivalen i slutten av august kor planlegginga går for fullt, avsluttar Sagstad.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.