Lokal | 05. feb. 2015

Må ut av Noreg innan 17. februar

Faren er frå Øyane og Steffen Riley er sjølv fødd i Noreg og døypt i Os kyrkje. Likevel blir han nekta opphaldsløyve.

Må ut av Noreg innan 17. februar
Steffen sit med utsikt over sundet i Øyane med avslaget som fortel at han må ut av Noreg innan 17. februar. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 05. feb. 2015 19:10

– Eg er forbanna og lei meg, skreiv pappa Lawrence «Larry» John Riley frå Os på facebook etter at sonen fekk svar frå UDI.

I førre veke, over 13 månadar etter at han sendte søknaden, fekk Steffen John Riley (23) avslag på søknaden om opphaldsløyve i Noreg.

Pappa si statusmelding har hausta enorm respons frå venar som ikkje synest avslaget er rettvist eller logisk.

Halvt norsk

Steffen blei fødd i Bergen i januar 1992, har norsk personnummer, er døypt i Os kyrkje og budde i Noreg til foreldra blei skilt i 1994.

Mora, som er frå Seattle, tok Steffen med heim til USA, der han har hatt mesteparten av oppveksten sin. Men han har besøkt faren og resten av den norske familien fleire månadar nærmast kvar sommar og han gjekk heile 2. klasse på Søre Øyane barneskule.

No ønskjer han å bu i sitt andre heimland, noko UDI i første omgang har sett ein stoppar for.

Har ikkje noko å reisa heim til

– Eg føler meg heime her og har lyst å bu nokre år her med pappa og besto. Eg har også halde kontakten med fleire venar i Øyane og ønskjer å finna meg ein jobb og bu her ei stund, seier Steffen.

Han snakkar flytande norsk med ekte «øyadialekt».

Han har ikkje noko å reisa heim til i USA. Mora og hennar nye mann, som ho møtte då Steffen var ung, har flytta frå Denver i Indiana, der Steffen vaks opp, til Seattle. Ho har ikkje husvære til Steffen.

– Billetten til heimreisa er kjøpt og eg har chatta med ein kamerat som eg kan bu hos i starten. Men det var ikkje dette som var planen, eg er innstilt på å bli verande her i Os.

– Mitt einaste barnebarn

Pappa Lawrence jobbar på båt og har ikkje vore tilgjengeleg for intervju. Men det har bestemora Sara Olina Riley (fødd Klyve) vore.

– Eg er utruleg skuffa, eg klarer ikkje å forstå at dei kan nekta han opphald. Steffen er mitt einaste barnebarn, han skal jo arva både faren sitt hus og mitt hus – skal han ikkje få lov å bu her? spør Sara.

– Når eg ser alt anna som slepp inn i dette landet så kjennest avslaget ekstra urettvist.

Sjølv har ho norske foreldre, men ho budde 9 år i USA på 60-talet, der ho jobba på hotellet til nokre slektningar. Ho gifta seg, fekk to born, Lawrence og Leeana, skilte seg og flytta heim til Noreg i 1972.

Borna hennar heldt på sitt amerikanske statsborgarskap, men at også Lawrence, som har budd i Noreg frå han var tre år gamal, også er amerikansk statsborgar, har ikkje UDI gjort noko poeng av i sitt avslag.

«... ingen særlig tilknytning til Norge»

Steffen har søkt om førstegangs opphaldsløyve på bakrunn av familiegjenforening. UDI skriv at han ikkje er av den personkrets som kan søkja frå Noreg (må søkja før han kjem til Noreg), men at det er gjort unntak grunna lang saksbehandlingstid.

For å få medhald må søkjar visa at han utan opphaldsløyve blir verande igjen i heimlandet sitt utan foreldre eller søsken som er over 18 år og gift. Sidan mora framleis bur i USA (Steffen har også ei 20 år gamal halvsøster), innfrir han ikkje dette.

Det blir også poengtert at Steffen skriv at han bur hos bestemora, noko han gjer mens faren er på fiske. Det er eit vilkår at han skal vera ein del av faren sitt hushald. Faren bur rundt 200 meter frå bestemora, men ligg i skrivande stund vest for Irland med båt. Dette ser gjerne ut som ein uheldig glipp ved utfylling av søknaden, kva hus Steffen et frukosten sin i frå veke til veke kan neppe ha mykje å bety for verken han eller UDI.

Sjølv om desse vilkåra ikkje er oppfylt, kan UDI likevel gje Steffen opphaldsløyve, dersom det viser seg at søkjar har sterk tilknytning til Noreg.

Og det er kanskje her det mest overraskande avslaget kjem:

Verken feriane kvar sommar og annakvar jul, eller det året han gjekk i 2. klasse (noko UDI «bemerker» var ulovleg opphald) blir vektlagt.

«Dette er visumfrie besøk. Visumfrie besøk legges ikke vekt på når man vurderer tilknytning til Norge» skriv UDI i avslaget.

«Søkeren har ingen særlig tilknytning til Norge, og det foreligger heller ikke sterke menneskelige hensyn som taler for å gjøre unntak fra de alminnelige vilkårene for tillatelse» konkluderer UDI.

UDI svarer Midtsiden

Avslaget blir klaga på, men med mindre han søker om utsett iverksetjing kan ikkje Steffen bli verande i Noreg mens denne blir behandla.

Midtsiden har fått ein advokat til å sjå på avslaget og familien Riley vil engasjera den same advokaten til å hjelpa med å skriva klagen på vedtaket.

For Midtsiden har Steffen også signert samtykke-erklæring der UDI blir fristilt frå teieplikta, og fagavdelinga held på å svara på spørsmål vi har sendt inn.

Vi kjem tilbake med meir om saka når vi har mottatt svar frå UDI og når advokaten har sett nærmare på avslaget.

OPPDATERT:
Dette seier UDI og Riley sin advokat, Kent Fredriksen – Ikkje ei enkel sak

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.