Kultur | 23. apr. 2015

Målartalent frå Vestlandet

Laurdag opnar utstillinga til kunstnar Arne Bakke på Vedholmen Galleri.

Målartalent frå Vestlandet
Måleri: Arne Bakke.
Kari M. Lyssandtorsdag 23. apr. 2015 06:38

Laurdag 25. april opnar Vedholmen Galleri dørene for årets Festspillutstilling som skal vara fram til 24. mai.

Dette året med målar Arne Bakke, ein bildekunstnar utdanna frå Kunsthøgskolen i Bergen med mastergrad i kunst i 2006.

Bakke viser i dag hovudsakleg kunstfaglege problemstillingar i installasjon, skulptur og maleri, med utgangspunkt i fotografi frå konfliktområder og krigshandlingar.

– Gler oss til å presentere Bakke

– Fokuset ligg i å behandla og visualisera desse i eit personleg og sanseleg uttrykk som farge, format, komposisjon og kontrastar, i staden for å skildra eit direkte innhald, fortel Vibeke Harild frå Vedholmen Galleri.

I tillegg til sin eigen praksis som kunstnar er Arne Bakke dagleg leiar for visningsrommet og produksjonslokalet Tag Team Studio i Bergen og er gjestelærar ved Kunstskulen i Bergen.

– Vi på Vedholmen Galleri ser med stor glede og forventing fram til å presentere dette nye målar-talentet frå Vestlandet for vårt publikum og følge han på vegen vidare.

Hyllar Trip Hop

På opningsdagen har galleriet invitert Termodress som skal servera smakebitar frå sitt komande album "Myr".

– Termodress sin musikk er ein hyllest til 90-tals sjangeren Trip Hop og er inspirert av britiske band som Massive Attack, Portishead, Red Snapper og Tricky.

Termodress er musikkprosjektet til bildekunstnar Christian Bøen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.