Lokal | 28. juni 2013

Manger erstattar Engelsen

Os kommune har fått ny assisterande rådmann.

Manger erstattar Engelsen
Os Rådhus. (Ill.foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 28. juni 2013 21:56

Til hausten går kommunalsjef Geir Engelsen av med pensjon. Os kommune har no funne ein erstattar, som overtar etter Engelsen 1. september i år.

– Etter ein grundig prosess, i samarbeid med rekrutteringsselskapet Mercuri Urval, har vi funne ny assisterande rådmann, seier rådmann Knut Terje Rekve.

Det var 17 søkjarar til leiarjobben.

– Det er gledeleg å melda at Paul J. Manger har fått tilbod og har takka ja til stillinga.

Manger er 54 år gamal og kjem frå stillinga som prosjektleiar i Hordaland fylkeskommune.

Han har brei erfaring frå offentleg sektor og har hovudfag i administrasjon og organisasjonsvitenskap frå Universitetet i Bergen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.