Lokal | 21. okt. 2015

Mann sikta for valdtekt av to søstre

Nordhordland tingrett ville sleppa han laus med besøksforbod, aktor anka og vil ha mannen varetektsfengsla.

Mann sikta for valdtekt av to søstre
Bergen tinghus. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 21. okt. 2015 07:18

Søndag formiddag blei ein mann i 30-åra pågripen av politiet, mistenkt for valdtekt av to kvinner frå Os.

Valdtektene skal ha skjedd på ei adresse i Os. Sikta er frå eit anna fylke og var gjest hos ein av dei to fornærma søstrene.

– Han blei pågripen på staden. Det skjedde utan dramatikk, seier politioverbetjent Audun Hadler-Olsen.

Hadler-Olsen vil ikkje seia om fornærma framleis var på staden då sikta blei pågripen. Han vil heller ikkje fortelja om dei blei utsett for vald.

Kan bli varetektsfengsla

Mannen er sikta for to valdtekter og for å ha prøvd å påverka vitne.

Politiet vil ha mannen varetektsfengsla, men Nordhordland tingrett ville sleppa han laus med besøksforbod.

– Aktor anka. Anken får oppsetjande verknad, så sikta blir sitjande fengsla til lagmannsretten har behandla anken.Eg reknar med at det skjer i dag eller i morgon, seier Hadler-Olsen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.