Lokal | 28. des. 2014

Mann tatt i Catten-saka

Ein mann i 20-åra har sete i avhøyr i fleire timar søndag, sikta for valdsepisoden i Os natt til fredag.

Mann tatt i Catten-saka
(Ill. foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 28. des. 2014 16:55

Natt til fredag 2. juledag blei ein mann slått bevisslaus og utsett for fleire slag og spark av minst to gjerningsmenn mens han låg på dansegolvet på nattklubben Catten.

Politiet har mottatt tips frå få vitne, og etterlyser fleire, men har hatt nok informasjon til å pågripa éin av dei mistenkte.

Les òg: – Eg blei slått fordi eg er homofil

– Eg kan stadfesta at fornærma har meldt dette som hatkriminalitet og at vi har pågripe og sikta éin person, fortel politiførstebetjent Kenneth Rastad.

Vedkomande er ein mann i 20-åra. Han er norsk, men er ikkje opprinneleg frå Os.

– Han har sete i avhøyr i fleire timar i dag, men Rastad vil ikkje kommentera noko om innhaldet i avhøyret eller korleis sikta stiller seg til mistanken.

– Kan det bli fleire pågripingar i saka?

– Det vil eg heller ikkje kommentera. Men etterforskinga kjem til å halda fram for fullt utover måndagen.

Politijuristen i saka har funne bevisa som tilstrekkelege til at sikta blir halden fengsla til i morgon.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.