Eigedomsmeklar Espen Hjertholm er fast spaltist hos Midtsiden.

Marknaden i Os: November

Snittpris, tempo og mengde sal - sånn var eigedomsmarknaden førre månad.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

«Marknaden i Os» er ei ny, fast spalte på Midtsiden frå oktober 2017, skriven av eigedomsmeklarfullmektig Espen Hjertholm. Hjertholm presenterer offisielle salstal for førre månad, ser bak tala, og fortel samtidig om status i månaden som kjem.

• Les òg: Marknaden i Os: Oktober

I november 2017 blei det selt i alt 27 bustadar i Os. Dette er 3 fleire enn i oktober og 11 færre enn i november 2016.

• Kven kjøpte kva? Sjå liste over alle eigedomane i Os som skifta eigar i november

Alle eigedomane som blei selt i november er brukte hus.

Det er mykje spekulering på korleis marknaden på landsbasis kjem til å utvikla seg framover. Det vi veit sikkert er det som har skjedd, og her er ein oversikt over månaden som gjekk.

Eigedomssal og snittprisar i Os i november 2017

Einebustad:                    
12 sal                    
Snittpris kr 3 390 833,-         
Snittpris kvm: 25 372,-                 
*Omsetnadshastigheit: 56 dagar

Tomannsbustad:            
8 sal                      
Snittpris kr 2 996 250,-         
Snittpris kvm: 24 484,-                 
Omsetnadshastigheit: 60 dagar

Leilegheit:
6 sal                      
Snittpris kr 2 263 083,-         
Snittpris kvm: 40 529,-                 
Omsetnadshastigheit: 52 dagar

Rekkjehus:                      
1 sal                      
Snittpris kr 3 100 000,-         
Snittpris kvm: 23 846,-                 
Omsetnadshastigheit: 53 dagar

TOTALT                             
27 sal                   
Snittpris kr 2 937 542,-         
Snittpris kvm: 28 558,-                 
Omsetnadshastigheit: 55 dagar

Tilsvarande tal for i fjor, november 2016:
38 sal     
Snittpris sal: 3 167 000,-     
Snittpris kvm: 29 750,- 
Omsetnadshastigheit: 66 d

Samanlikna med november i fjor er omsetnadshastigheita korta ned med 11 dagar. Det er framleis nokre eigedomar som har vore for sal på Finn.no ei stund, men omsetnadstida denne månaden liknar meir på det som er snittet for omsetnadshastigheita i Os det siste året.

Ut frå tala kan en sjå at snittprisane er noko lågare enn på same tid i fjor. Dette gjenspeglar marknaden, då prisveksten har stabilisert seg den siste tida.

Statistikk siste 12, 6 og 3 månadar

Siste 12 mndr:   
431 sal                 
Snittpris: 3 162 094,-                     
Snittpris kvm: 29 631,-                 
Omsetnadshastigheit: 54 d

Siste 6 mndr:     
181 sal                 
Snittpris: 3 111 792,-                     
Snittpris kvm: 30 245,-                 
Omsetnadshastigheit: 56 d

Siste 3 mndr:     
93 sal                    
Snittpris: 3 037 147,-                     
Snittpris kvm: 29 102,-                 
Omsetnadshastigheit: 64 d

Frå sist månad er desse tala noko lågare, både på mengde sal og snittpriar, men omsetnadshastigheita stort sett er den same.

* Omsetnadshastigheita er rekna ut frå bustadar som er selt i det offentlige markedet, ikkje prosjekterte bustadar, private sal eller heimelsoverføringar.

Tala under fortel oss at bustadane i Os oftast går for lågare pris enn det bustaden vert lagt ut for sal for. Den klassiske «bodrunden» er dessverre sjeldan vare i Os desse dagar, men dukkar nok opp i ny og ne.

Sal vs. prisantydning dei siste 3 månadane:
• 45 % under prisantydning
• 22 % lik prisantydning
• 33 % over prisantydning

Marknaden i dag

I skrivande stund ligg det, i Os kommune, 14 einebustadar, 17 tomanssbustadar, 9 rekkjehus, 48 leilegheiter, og 1 produksjon/industri for sal i til saman 64 annonsar.

Det er 6 annonsar færre enn byrjinga av førre månad. Utvalet på Finn.no er færre, men det kan sjå ut som at det framleis er fart i marknaden sjølv om det nærmar seg juletider.

Den siste tida har det vore nokre gode sal på eldre einebustadar med oppussing/renoveringsbehov.

Kjøparane i denne gruppa kan flytta rett inn i einebustaden, og brukt midlar til å pussa opp og auka eigenkapitalen. Det gjekk blant anna ein på Søfteland og ein på Haugland i nyare tid til gode prisar, og det viser at det er mogleg å få fornuftige prisar for einebustadane sjølv om dei held eldre standard.
 
Kjelder: Eiendomsverdi.no og Finn.no