Ektepara Per Højgaard og Gudrun Molden (t.v.) og Arne Frank Knudsen og Britt Eide Knudsen er nøgde kundar ved Vedholmen Galleri. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

– Mat for magen, mat for hovudet

Kø ut døra under vernissasje på Vedholmen: – I Øyane får vi alt, påstår nokre av gjestane på den folksame opninga av Willgohs-utstillinga. 

image
image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Folk kom med bil og båt, frå Os og Bergen, til opninga av Vedholmen Galleri si separatutstilling med verk av Jan Erik Willgohs.

Den erfarne kunstnaren var sjølv på plass blant dei 14 verka som heng på veggane fram til 28. september.

– Vi har hytte på Skåtøy og var invitert til å koma. Vi besøker galleriet ganske ofte og er også kundar her. Vi er veldig nøgd med både kvaliteten på utstillarane og servicen hos galleristane, seier Britt Eide Knudsen.

– Her i Øyane får vi mat for magen og mat for hovudet, Vedholmen er eit naturleg samlingspunkt for oss hyttefolk i området, supplerer venninna Gudrun Molden.

Over 70 gjestar

I fint sommarvêr samla det seg mykje folk på kaien utanfor reieriet Hargun sitt bygg der Vedholmen Galleri held til.

Då klokka nærma seg 14 og opningstale ved kurator Bjørn Inge Follevaag trekte folk inn i galleriet for velkomstdrink og for å få seg ein plass.

Det var det ikkje alle som fekk, med over 70 gjestar blei det kø ut døra under opningsseremonien.

Meiningslaus estetikk

Gallerist Vibeke Harild fortalte om «bløde knær» i respekt for at kurator Follevaag, som blant anna har stått bak årets utstilling i Noreg, i dag var i galleriet på Sundøy for å tala til gjestane.

Follevaag fortalte om kva han synest om kunst og innhald, om kunstarar sin påstand om at kunst utan innhald er det same som meiningslaus estetikk.

– Det er opp til kvart indivis å gje kunsten innhald. Vi er like i mykje, men alle kan i si tolking, med sin smak, gje sitt innhald til eit verk.

Willgohs parerte, men sa seg delvis einig.

– Kvart verk kan ha ulikt innhald, men grafikk utan ei historie bak, utan innhald av kunstnaren som skaper verket, er også utan meining. 

Den viktige galleristen

Til Midtsiden fortel Willgohs om kva som fekk han til å stilla ut på Vedholmen første gong i 2011.

– Eg hugsar korleis dei fargerike formuleringane i brevet frå Harild sjarmerte meg. Eg forsto at det var snakk om ein kunnskapsrik gallerist med evne å tenna ein gneist hos kundane sine.

– Galleristen er veldig viktig når det kjem til det å velja stad å stilla ut, det å selja kunst. I tillegg kan det vera ein fordel med slike galleri i utkanten, for tid er ein spennande faktor. Mens ein reklameplakat skal seia noko på få sekund, i det du går eller kjører forbi, kan det vera godt å ha litt tid når du skal kjøpa kunst.

– Her kan du sjå utstillinga, gå ein tur på kaien eller bort til butikken, koma tilbake og sjå litt til. olk har betre tid når dei er på ei øy i staden for i ein by.

Alltid misnøgd

På veggen heng 14 verk med prisar frå 8000 til 26.000 kroner. I tillegg til to maleri til 70.000 kroner kvar.

– Kor mykje skal du selja på ei utstilling for å vera nøgd?

– Eg er ein gamal mann no, over 60 år, og bryr meg ikkje om det lengre. For at eg skal vera nøgd skal eg, etter å ha montert utstillinga, vera minst mogleg misnøgd. Eg er aldri nøgd.

– Er du nøgd som kunstnar så er du ikkje lenger ein kunstnar. Det er noko spesielt med oss kunstnarar, vi har ei innebygd gnagande kjensle av alltid å måtta prøva å uttrykka noko, og å aldri å vera heilt nøgd.

– Er det vanskeleg å selja noko som det ligg mykje jobb bak? At det er enkelte verk du håper ikkje blir selt?

– Ja, det var det, då eg var yngre og gjerne berre hadde fem verk eg følte var bra nok. No er det annleis, etter at utstillinga har kome opp er det opp til galleristen og publikum. Alt er for sal og det er naturlegvis kjekt når verk blir selt fort, at det fell i smak.

Etter opningsseremonien var det minikonsert med Gabriel Fliflet, som med trekkspelet sitt fekk heile galleriet med på allsong.