Lokal | 18. nov. 2017

Måtte melda oppbod

Aksjeselskapet bak dei tre første Osfestane melder oppbod. Osfest held fram.

Måtte melda oppbod
Styret i ABC2016 AS har meldt oppbod i selskapet (arkivfoto: AH)
Andris Hamrelørdag 18. nov. 2017 08:55

8. november måtte styret i ABC2016 AS (Tidligere Osfest AS) ta seskapet til tingretten og melde oppbod.

– Det er lovkrav som gjer at vi måtte gå til det skrittet. Når eit selskap er insolvent, så er ein forplikta å gjera det.

– Det er kjedeleg og ikkje det vi ønskja i høve kreditorane, men vi ønskjer heller ikkje å bryta loven, fortel tidlegare styreleiar Tor Egil Hylland.

Selskapet er no under konkursbehandling med bustyrar Advokat Mats Mæland. Frist til å melde krav i boet er 13. desember. Første skiftesamling blir 2. januar.

Ville gjera opp for seg

Hylland fortel at det er underskotet frå 2016 som er bakgrunnen for at ein no melder oppbod.

– Vi har heile vegen ønskja å gjera opp for oss. Kreditorane fekk utbetalt 50% av det vi skulda dei rett etter festivalen. Så var intensjonen at dei skulle få resten om vi klarte å få eit overskot seinare.

– Alle som leverte varer og tenester til årets festival har fått fullt oppgjer, men festivalen gjekk i null så det blei ikkje noko til overs for å dekka det vi skulda i det gamle aksjeselskapet. Då hadde vi dessverre ikkje lenger noko val, seier Hylland som har fått juridisk bistand i prosessen.

– Tilbakemeldingane der var at dette var det einaste vi kunne gjera.

Er sjølv den største kreditoren

Os Live AS og Hylland Invest er i følgje den tidlegare styreleiaren dei to største kreditorane i konkursbuet.

– Om vi trekker frå det desse to har uteståande og meirverdiavgifta så er det omlag éin million kroner som selskapet skuldar til eksterne kreditorar.

Vil laga ny festival

Planlegginga av Osfest 2018 er allereie i gang med Os Live AS, som arrangerte festivalen i år, som arrangør.

– Vi ønskjer å laga festival også neste år og har opsjon på fleire artistar. Håpet er at festen lille nyttårsaften med Gunslingers, Ferdamann og Kurt Røttingen band skal gje oss eit overskot, slik at vi kan opparbeide oss ein buffer,avsluttar Tor Egil Hylland.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.