Lokal | 10. feb. 2012

Maya fekk pris

Os kommune sitt kulturstipend for 2011 gjekk til Maya Vik. - I år går den til ein røynd artist som har fylgjd draumane sine.

Maya fekk pris
Maya Vik fekk fredag pengar og blomar som vinnar av Os kommune sitt kulturstipend for 2011 (foto: Andris Hamre)
Andris Hamrefredag 10. feb. 2012 16:43

Artisten kjend frå Furia, Monteé og no sist som soloartist, blei fredag heidra av Os kommune med ei enkel tilstelling i Færingen på Oseana.

Maya speler i kveld på Landmark i Bergen og hadde tatt turen til heimbygda saman med kjæreste for å helsa på foreldra og å motta kommunen sitt kulturstipend for 2011.

- Vanlegvis pleier vi å gjere dette i samband med eit kommunestyremøte, men du er ei travel dame så eg er utruleg glad for at vi fekk det til no når du skal spele i Bergen, sa kultursjef Lisbeth Axelsen før ordførar Terje Søviknes fekk stå for den høgtidlege overrekinga.

Ei annerkjenning frå heimbygdo

Stipendet blei i år delt ut på omlag same plassen som då Ingrid Neset fekk stipendet i 2009.

- Då sto vi omtrent der, fortalte Søviknes og peika på grunnsteinen til Oseana som ligg rett nedanfor trappa til Færingen.

- Eg håper du ser på stipendet som ein annerkjenning frå heimbygdo di.

- Normalt er det gjerne utøvarar som er komen kortare i karriera si som får stipendet, men vi set så stor pris på det du gjer og den måten du representerar bygda på at i år var det ikkje tvil om at du var den rette mottakaren, helsa Søviknes på vegne av kommunen.

Rakk ikkje søke

Stipendet er på 10.000 kroner og ei blomsterhelsing.

- Så utruleg kjekt. Eg har jo tidlegare søkt på stipendet, men i år rakk eg det rett og slett ikkje.

- Eller rettare sagt, eg ba han sjå igjennom søkanden og så blei den liggande, smilte ein nøgd stipendmottakar medan ho ertande ser bort på kjæresten.

Vik har hatt ein travel vinter med turneverksemd med Monteé, videoinnspeling og lansering av eige album.

- I tillegg blir det mykje studiojobbing med nye låtar både for Monteé og som soloartist, fortel Vik som etter konserten i Bergen fredag reiser videre til Stavanger laurdag før By:Larm ventar neste veke.

Tidlegare vinnarar

Kuturstipendet delast ut til unge lovande utøvarar innan kulturfeltet. Desse har vunne dei 10 siste åra:

2010: Eirin Dale (idrett)
2009: Ingrid Neset (musikk)
2008: Sverre Lunde Pedersen (idrett)
2007: Bjarte Haugsdal (idrett)
2006: Tone Lise Moberg og Tone Lise Mjånes (musikk)
2005: Maria Høgheim Bos (idrett)
2004: Marton Andre Pedersen (foto)
2003: Eirik Lunde Pedersen (idrett)
2002: Marius Neset (musikk)
2001: Silje Haugland (keramikk) og Karina Halstensen Birkelund (idrett)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.