Kultur | 23. jan. 2015

Maya slår frå seg

Maya Vik har vore heime i Noreg for å spela inn musikkvideo til låta «Fighter».

Maya slår frå seg
Med merkevara si, dei karakteristiske krøllene, i ei stram flette, entrer Maya bokseringen i ny video. (Foto: Pål Laukli)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 23. jan. 2015 09:50

Det er USA det handlar mest om for Maya Vik for tida, men dei siste månadane har bassisten og vokalisten frå Os vore heime i Noreg for å spela inn video.

I fjor sommar kom singelen «Fighter», som har gått sin sigersgang på P3, tysdag var det USA-slepp for singelen koordinert med release på musikkvideo av låta.

Sjå musikkvideoen nedst i artikkelen.

– Det krev litt meir førebuing å sleppa musikk i USA. Videoen, som var klar i haust, blei halden igjen til vi kjørte USA-release på låta, fortel Maya til Midtsiden.

Ville boksa mot Cecilia Brækhus

Ho har ikkje kampsporterfaring, men er stor fan av Cecilia Brækhus, som ho prøvde å få med i videoen.

– Dessverre hadde ikkje verdsmeisteren tid, men eg fekk god hjelp av Oslo Bokseklubb. Og då 730.no kjørte release på videoen så fekk eg ein retweet av Cecilia. Eg håper ho liker videoen, seier den ferske fighteren.

«Hadde 'For kul til å være norsk' vært et oppslag i Store norske leksikon hadde det sannsynligvis vært et portrett av Maya Vik som illustrasjonsbilde» skriv 730.no om Maya i samband med videopremieren.

Ein større marknad

Etter Os Rock City-bandet Furia og popgruppa Montée, som Maya var med å vinna Spellemannprisen med, blei det full satsing på solokarriere for bassisten og vokalisten frå Os.

Fighter er ein av låtane som kjem på Maya sitt tredje soloalbum. Albumet skal vera klart til hausten, men allereie i mars kjem ho med ein ny EP, også den med Fighter på.

– Det siste året har eg vore mykje i USA. Funk og RNB er ein smal sjanger i Noreg, mens i heimlandet er dette breiare, som popmusikk. Interessa og marknaden for denne musikken er mykje større.

Samtidig er konkurransen hardare.

– Engasjementet rundt deg som artist er større, men marknaden er også hardare. Alle kjempar for sitt og sine. Men dette er først og fremst inspirerande, at det skjer noko og at potensialet er stort.

På dei kule scenane

Heiltidsinnsats frå basen i New York har gjeve resultat for Maya.

– Eg har management og band i Noreg, som eg flyr over når det er konsertar eller andre ting på gang, men eg har også eit amerikansk management.

I ein periode i 2014 spelte ho på klubben Pianos på Manhattan, kvar måndag i tre månadar.

– Dette er same klubb Lady Gaga starta på.

Maya har også varma opp for Dâm Funk på festivalen South by Southwes i Texas og spelt på Dâm Funk sin klubb i Los Angeles.

– Dâm Funk sin klubb i L.A. hadde eit veldig godt publikum. Der har du viktige bransjefolk og presse på første rad.

Den verdskjente Hollywood-bloggaren Perez Hilton har skrive om Maya, det same har New York Times.

Bortskjemt i Japan

I haust var Maya på turné i Japan.

– Du blir bortskjemt av å besøka det fantastiske landet og publikummet i Japan.

– Dei er så utruleg entusiastiske, og når dei første liker deg så føler du deg som ei superstjerne. Dei kjøper platene, billettar til konsert og det du har med deg av merchandise, har du ein fan i Japan så har du ein blodfan!

Men det er framleis USA det handlar mest om. I starten på februar reiser Maya tilbake til New York. Rett nok skal ho tilbake over Atlanteren i slutten av februar for å spela to konsertar i London, men så går fokuset over på marknaden og jobbane i USA parallelt med innspurten på neste album.

Under ser du musikkvideoen til Maya Vik si låt «Fighter». Videoen er til no vist 1700 gongar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.