Kobbavågen: På desse holmane, ifølgje vegvesenet sine skisser, vil brua landa. (Ill. foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Med æra i behald

Lesarinnlegg: Torsdag 12. januar 2017 kan mykje blir avgjort for Os og Søre Øyane. Dette er dagen då politikarane må stå for det dei har sagt - eller ikkje.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Statens vegvesen sine planar om landsetting av bru i Søre Øyane er lagt ut til høyring, og Os kommune kan koma med sin uttale.

For vel fem år sidan kom dei første urovekkande signala på at det var planlagt ei bru tvers over Bjørnafjorden og til Søre Øyane. På dette tidspunktet var det vel dei færraste som eigentleg hadde tru på at noko slikt kunne skje, men nokon av oss tok signala på alvor, og var ute i god tid med åtvaringar.

Den gongen starta me med eit veldig lokalt opprop, og me er i dag tilbake der me starta. Historia er kjend for dei fleste, og det er skrive metervis med spalter – dei aller, aller fleste mot ei slik løysing.

Folkeaksjonen har lagt ut bilete og teikningar av til dels overdrivne løysingar, men ingenting kan likevel samanliknast med det som kjem i verkelegheita.

Når alt kjem på bordet, og første maskin står på plass med gamleskulen, er det for seint å snu.

Det er i dag lagt fram forskjellige forslag til løysing – alle med landing rundt og i Kobbavågen. At skjergarden vår og heimplassen i Øyane skal «skånast» med tunell, er dessverre å halda folk for narr. Alle som ser planane meir i detalj, skjønar at dette er slutten på det meste av urørt natur.

Søre Øyane er ein tettstad med 1017 fastbuande pr. desember 2016, ifølgje Statistisk Sentralbyrå. Med eit areal på 1,02 kvadratkilometer er dette eit av dei mest folketette områda mellom Stavanger og Bergen. Os kommune har akkurat passert innbyggjar nummer 20.000, og er ein av dei raskast veksande kommunane i Noreg.

Kommunestyret i Os har 35 representantar, heile seks av dei representerer Søre Øyane.

Det er 17 prosent av styret! I tillegg er det sju varamedlemmer med bustad eller sterk tilknyting til plassen. Skulle talet representera talet på menneske, burde det bu 3 400 i Øyane, og ikkje vel 1000. Det er nok ikkje nokon andre krinsar som er så vel representert.

Dette i seg sjølv burde gje ro i sjela til dei mest engstelege av oss, men nei. Paradoksalt nok er det med desse politikarane vi risikerer å øydelegga naturen, Kobbavågen og skjergarden vår for all tid, med ein ordførar frå plassen i spissen, til og med! Forstå det den som kan.

I kommunestyret i februar 2013, vart det gjort vedtak om at Os Kommune ville gå for midtre trasé med bru over Bjørnafjorden med landing i Bjørnatrynet.

Ei løysing med bru i Søre Øyane og med veg i dagen, ville ikkje bli akseptert! Flott!

Alle løysingar som i dag er lagt fram inneber veg i dagen. Det er planlagt anleggsveg gjennom Øyane og til Kobbavågen, som seinare skal gjerast om til gang og sykkelveg. Med andre ord er dette i strid med kva Os kommunestyre vedtok.

Kjære politikarar, spesielt frå Søre Øyane: Det er mange som reknar med at de held ord, og står for det som de vedtok i 2013. Forkast difor alle forslag som i dag er lagt fram frå Statens vegvesen, og be om ny utgreiing for indre trasé. Med veg gjennom Elvedalen utover mot Pilaneset eller gjennom Søramarka mot Kobbavågen, gjer dette uboteleg skade for all tid. Det verste er likevel ei firefelts bru midt i fleisen der ute alle veit kvar …

Hugs at de har gått på val for at dette ikkje skal skje. Stem med æra i behald.

Geir Magne Johnsen Moberg
Leiar, Folkeaksjonen mot bru over Bjørnafjorden

Fleire saker

bilde-midtsiden

Trur på eit rekordår

01. mars 2017

Bomobil AS ser lyst på 2017 sesongen etter fleire tunge år. Har seld 30 av 100 bilar og campingvogner allereie i år.

bilde-midtsiden

Baste Jonassen i ny klubb

01. mars 2017

Lysekloster mister kapteinen sin, Lysefjorden-guten som sidan 2011 har vore med på tre opprykk og eitt nedrykk.

bilde-midtsiden

Velfortent heider til Geir Lepsøe

01. mars 2017

Søre Neset Volleyball sin «Grand old man» Geir Lepsøe blei tysdag tildelt volleyballforbundets heidersmerke i sølv framfor 1100 tilskodarar i...

bilde-midtsiden

13.000 bilar over Lepsøybrua

01. mars 2017

Lesarinnlegg: Regjeringa har talt; Hordfast skal byggjast med bru over Bjørnefjorden, og kjem med forslag om å bruka eksisterande veg.

bilde-midtsiden

– Det blir midtre trasé

28. februar 2017

E39 Stord-Os: Regjeringa og samarbeidspartia KrF og Venstre har bestemt seg, dei held fast på midtre trasé og bru over Bjørnafjorden, men vil ha...

bilde-midtsiden

Veit du kven tjuvane kan vera?

28. februar 2017

Tjuvane som stal tobakk og snus for omlag 40 000 kroner frå Joker Søfteland 15. februar blei måndag etterlyst på TV2-programmet Åsted Norge. Har...