Lokal | 16. jan. 2013

Med fakkel mot "dei tafatte"

– Engasjementet er stort, no bør også politikarane ta standpunkt, seier aksjonsgruppa mot bru før det komande informasjonsmøtet med kommunestyret.

Med fakkel mot "dei tafatte"
Delar av aksjonsgruppa mot bru, f.v.: Cato Bruarøy, Knut Børgesen, Geir Magne Johnsen og Vibeke Harild. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 16. jan. 2013 14:22

I desember kom vegvesenet med ny rapport om ferjefri veg og forslag om val av trasé mellom Stord og Bergen.

Les òg: Vegvesenet vil kryssa fjorden

I etterkant har det skjedd meir.

Ifølgje BT vil Vegdirektoratet framskynda utbygginga av E39 Aksdal-Bergen. I tillegg har byrådsleiar Monica Mæland (H) snudd i saka, og går også for midtre alternativ, altså bru frå Reksteren til Os.

I mellomtida har Os kommune plan om å arrangera eit ope informasjonsmøte for kommunestyret og andre. Etter det Midtsiden kjenner til skal møtet bli halde i Oseana tysdag 29. januar.

I går var det møte i gruppa "Folkeaksjon mot bru over Bjørnafjorden".

– Vi vil halda eit innlegg på møtet i Oseana. I forkant av møtet vil vi invitera til fakkeltog frå rådhuset til Oseana, seier Vibeke Harild frå folkeaksjonen.

– På tide å gjera seg opp ei meining

Aksjonsgruppa reagerer på både mangel på visuell informasjon om konsekvenser for ilandføringspunkt og tilkoplingar for indre- og midtre trasé frå vegvesenet. Dei saknar også engasjement blant politikarar i Os.

– Ei stor og viktig avgjerd skal fattast om få månadar, medan det blir venta med viktige detaljar for oss som bur her, og det ligg nesten ingen skisser for indre alternativ. Kvifor?

– Er det ikkje naturleg at lokalpolitikarane og vi innbyggarar i Os og Fusa får veta meir om forventa inngrep?

Samtidig meiner gruppa at vi allereie har rikeleg med overordna rapportar til at lokalpolitikarane kan gjera seg opp ei meining.

– Ei bru kan ikkje gå kvar som helst, den kjem uansett til å bli ført i land i ein av dei finaste områda i skjergarden vår. Vi meiner det er verdt å kjempa mot øydelegging av skjergarden og gå for indre alternativ om Fusa, ein kommune som ønskjer denne vegen.

– Men avgjerder er i ferd med å bli fatta og dei fleste lokalpolitikarane er veldig vage. Til og med politikarane frå Øyane, den krinsen som kan bli hardt ramma av utbygging, er passive.

Brei støtte til motstandarane

Både før og etter jul har bru-motstandarane vore aktive med stand på Amfisenteret.

– I tillegg til nesten 900 som følgjer oss på facebook og over 100 som har meldt seg inn i aksjonsgruppa har vi samla 400-500 underskrifter, seier Norvald Skåtøy.

– Vi merker at engasjementet er langt større no enn før jul, i periodar har vi hatt kø på stand for å signera støtteerklæring til arbeidet vårt.

Skåtøy seier dei kjem til å halda fram med å stå på stand fram til møtet i Oseana.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.