Lokal | 25. apr. 2016

Meiner kvinna blei drept med kniv

Politiet har kontroll på det som truleg er drapsvåpenet.

Meiner kvinna blei drept med kniv
Kvinna blei funnen død i oppkøyrsla til ein bustad i Åsen søndag kveld. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 25. apr. 2016 09:43

Klokka 18.40 søndag kveld ringte ein mann i 40-åra til politiet og sa at han hadde drept ei kvinne.

Mannen blei pågripen utan dramatikk.

Samtidig rykte politiet ut til ein bustad i Lyseklostervegen. I oppkøyrsla fann dei ei død kvinne i slutten av 30-åra.

Mannen sat i avhøyr til klokka 2 natt til måndag og erkjenner straffeskyld.

Har kontroll på våpenet

Midtsiden har ikkje lykkast i å nå påtaleansvarleg Inger-Lise Høyland, men ifølgje BT.no, som viser til NRK, seier politiet at kvinna truleg blei drept med kniv.

Politiet har kontroll på ein kniv dei meiner er drapsvåpenet.

– Ei tragisk sak for alle involverte

Sikta og kvinna har felles born, men er fråseparert.

– Dette er ei tragisk sak for alle involverte. Klienten min gjennomførte avhøyret greit, men tar det sjølvsagt veldig tungt, seier mannen sin forsvarar, advokat Jostein Alvheim til BT.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.