Kultur | 18. nov. 2013

– Meir himmel enn helvete

– Dei kallar det helvetes-veka, men eg trur innspurten til finalen, med plateslepp fredag, blir himmelsk, seier Eirik Søfteland.

– Meir himmel enn helvete
Eirik og Nadya etter semifinalen. Til høgre: Coveret til singelen som kjem fredag. (Coverfoto: Håvard Schei.)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 18. nov. 2013 09:44

Laurdag tok Eirik Søfteland seg til finalen i Skal vi danse, Idol-stjerna sin andre "TV2-finale" i år.

Kathrine Sørland er ute av dansen og Eirik skal no trena endå hardare enn før for å slå Kim-Daniel Sannes i finalen laurdag.

– Det har faktisk berre blitt meir og meir øving desse lengre ut i programmet vi har kome, og no blir det sikkert 2-3 timar ekstra per dag, seier Eirik Søfteland til Midtsiden.

Laurdag kveld feira han den gode semifinalen med kjærasten Mia Lindborg og familie, men allereie klokka 12 søndag var han og dansepartnar Nadya Khamitskaya på øving igjen.

– Dei som har vore med på dette før kallar innspurten til finalen for helvetes-veka, tettpakka med øving parallelt med mange intervju.

– Men eg har meir energi igjen, eg trur det blir ei himmelsk veke, seier Eirik.

Plateslepp og Senkveld

Eirik har ikkje full oversikt over kva veka vil bringa av intervju, men to viktige ting er booka; plateslepp og intervju på Senkveld.

– Fredag slepp vi den første låta mi etter Idol, då skal Lust or Love ut i hyllene, fortel han.

Idol-finalisten har hatt to-tre låtar nesten klar til slepp sidan seinsommaren, men har jobba litt vidare med desse, og tatt seg god tid fram til han denne veka er klar.

Singelen Gonna go my way, som Eirik lagde og framførte på Idol, toppa iTunes og låg på 6. plass på VG-lista i veke 17, to veker før Idol-finalen.

Creepy cover

Til singelen Eirik slepp fredag er det laga eit eige cover, med bilde av Eirik i ein majestetisk stol, vettskremt av ein struts som vi trur (og håper) er montert inn på bildet i etterkant.

Bildet er tatt av fotograf Håvard Schei i ein gamal ølkjellar på Grünerløkka i oktober.

– Vi gjekk rundt i katakombene med lommelykt, det var skikkeleg creepy, sa Eirik til Midtsiden etter turen i ølkjellaren.

Produsent Lars K. Hustoft skriv dette på facebook om utforminga av coveret:

"Nei! Du kan IKKE ha en struts på coveret ditt!" sa jeg. "Jo DET kan jeg!" sa Eirik. For en fyr!

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.