Kultur | 20. mai 2016

Meir skøy på Skeie

Fredag om ei veke er det premiere på årets show, «Oharaball», frå den populære revygruppa «Nor og ne».

Meir skøy på Skeie
Hmm. Kven er det desse skal etterlikna, frå moteshow i Os sentrum? (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 20. mai 2016 13:22

Bildeserie:

Jan Helge Corneliussen har god tid. Han er kappgangsupportar. (Foto: KVB)
Jan Helge Corneliussen har god tid. Han er kappgangsupportar. (Foto: KVB)
Det er ikkje berre berre å ringa legekontoret. (Foto: KVB)
Det er ikkje berre berre å ringa legekontoret. (Foto: KVB)
Robert Haugetun er tilbake, med ordførarkjedet, naturlegvis. (Foto: KVB)
Robert Haugetun er tilbake, med ordførarkjedet, naturlegvis. (Foto: KVB)
Men kva er det som skjer her? (Foto: KVB)
Men kva er det som skjer her? (Foto: KVB)
Dronninga Linda Nytræ er ikkje nøgd med Ohara. (Foto: KVB)
Dronninga Linda Nytræ er ikkje nøgd med Ohara. (Foto: KVB)
1 av 5

Nor og ne er i sluttspurten med øving til årets revy, Oharaball, som i år kjem noko seinare på våren enn normalt.

– Det er berre av praktiske årsaker. Nokre i revygruppa hadde konfirmantar i år, og var opptatt tidlegare. I tillegg passa det beste for dei som driv lokalet, Nore Neset Aktivitetshus, fortel Susan Askvik.

Sjå video frå revyen i 2015

Nor og ne køyrer, som tidlegare, to helger på rad, fredag og laurdag. Premieren er fredag om ei veke.

Revygruppa har slått sine eigne rekordar år etter år, i 2015 var det berre den eine fredagen som ikkje var heilt utselt.

– Vi er like spente kvart år, for det er framleis mange som kjøper i siste liten.

Ein inn - to ut

Både Anna Lindén og Stina Fristad må stå over årets revy, men samtidig er det eit comeback.

Robert Haugetun, som var opptatt i fjor, er tilbake, naturlegvis med ordførarkjedet på i enkelte sketsjar.

– Vi er sju stykker på scenen, eg, Irene Ullensvang og Linda Nytræ, Robert, Jan Helge Corneliussen, Pål Heimtoft og Thomas Helgesen, fortel Susan.

Til skrivinga av tekstar har Thomas, som òg har hatt ein travel vår, fått assistanse, blant anna av Guri Bugge.

Sjå video av Thomas Helgesen sin standup-debut (for Os Næringsråd, februar 2016)

– Vi har hatt nokre skriveøkter der fleire har hjelpt til.

På liv og død

Revygruppa lover gjensyn med fleire kjente figurar og personar i Os. «Veggen» får pause i år mens brannsjef Stein Gjøsund og motbakkeguru Klas Færøvik ikkje får fred.

Ryktet seier at Nor og ne sitt boyband «Boyane» også har ei vise eller to.

– Det er til saman 22 sketsjar og 9 songar i årets show.

Blant andre som figurerer i revyen er eit legekontor på Os, sentrumsforeininga sine moteshow og «Liv på Øyro», eit gravferdbyrå og ei familieverksemd.

– Vi har gode band med oss på pubkvelden etter revyane laurdagane, den eine helga speler Heine og Marita, den andre er Olav Skorpen og Eirik Søfteland på scenen med kjempeflinke Frank Fauskanger, fortel Susan Askvik.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.