Kultur | 01. sep. 2015

Meir Tubaluba på Oseana

I vår blei det Tubaluba med Karius og Baktus. No kjem dei tilbake, men denne gongen med Askeladden.

Meir Tubaluba på Oseana
Laurdag er det klart for meir tubaluba på Oseana (pressefoto)
Andris Hamretirsdag 01. sep. 2015 13:16

Sist sesong var Tubabaluba på Oseana med si Karius og Baktus-framsyning. No er det andre kjenningar som får vere med på tur, når dei legg ut på tur med stykket «Tubabaluba med Askeladden».

– Laurdag er det duka for musikk-teater for dei minste, då vi igjen får besøk av gjengen i Tubabaluba! Vi får bli med Per, Pål og Espen Oskeladd på si vandring mot slottet, med vakker musikk og spennende opplevingar, fortel Janne Mari Hjelle, arrangements- og marknadsansvarleg på Oseana.

Målet er å vinna prinsessa sitt hjarte, men klarar dei det? På vegen møter dei kjende figurar frå andre norske folkeeventyr.

– Dette er ein herleg og annleis "eventyr-minimusikal" med varme, humor, litt spenning og flott musikk, som passar born frå 3 år og oppover, seier Hjelle.

På scenen møter vi Ramona Sulen, Elisabeth Vannebo og Tarjei Vatne. Regien er ved Jan Holden, medan Monika Solheim har stått for kostymer og scenografi. Dei har fått låne dukker frå Dukkenikkerne. Produksjonen er støtta av Bergen kommune.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.