Lokal | 04. sep. 2014

#mellomfjordarogfjell

Kommunen og Os sentrum vil visa fram Osbygdo. No blir instagram-konkurranse med fleire nye emneknaggar lansert.

#mellomfjordarogfjell
Kjetil Osablod Grønvigh postar det første bilete med #mellomfjordarogfjell. Eit bilete av statua av Nils Tveit, ein av karane bak Ossongen (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretorsdag 04. sep. 2014 07:54

Sosiale medie, som Instagram, Twitter og Facebook, har blitt viktige kanalar for å spreia og bygga merkevare og omdømme.

– Til og med vi i kommunen har oppdaga kva år vi lever i og har kome oss på fleire av desse kanalane, mellomanna med brukaren oskommune på Instagram.

– Difor hadde vi lyst til å gjera litt ekstra ut av det no når vi står framfor ei helg med mykje aktivitet i bygda, seier kulturkonsulent Kjetil Osablod Grønvigh.

Del bygda di

Saman med Os sentrum og Midtsiden lanserer difor kultureininga no ein instagram-konkurranse som vil gå føre seg gjennom heile september.

– Folk har jo med seg telefonen over alt. Ta bilde av bygda vår slik du ser den, del dei på instagram med ein av dei fire emneknaggane vi har plukka ut.

– Det er utruleg artig å sjå korleis andre ser og opplever det same som ein sjølv. Ta berre Tallships Races i Bergen, kor det akkurat no er delt 2336 bilde på emenknaggen TSRB2014.

– No håper eg vi kan få til noko liknande på desse emneknaggane òg, stråler Grønvigh.

Emneknaggane du skal bruka er:

#mellomfjordarogfjell (inspirert av Os-songen og eit godt døme på kva bygda vår er)
#livpåøyro (inspirert av kommunen sitt prosjekt for å revitalisera Osøyro)
#ossentrum (inspirert av sentrumsforeninga si verksemd)
#oselvaren (inspirert av Noregs nasjonalbåt og bygda sine tradisjonshandverk)

Kickstartar i helga

Denne helga er det Bondens marknad, Oselvarfestivalen og Barnas Turlag sin "Kom deg ut-dag" i og rundt Os sentrum.

– Difor passar det så utruleg bra å starta konkurransen nettopp denne helga. I tillegg er det jo spådd fint vêr, noko som gjer at det kan bli mykje fine bileter.

– Men, det er viktig å presisera at vi ønskjer bilde får heile Os, ikkje berre sentrum.

– Vi ønskjer gjerne å bruke nokre av bilda i omtale og marknadsføring av Osbygda i etterkant, men dette vil skje etter avtale med fotografen, som òg vil bli kreditert, seier Grønvigh.

Premiering av bilda vil bli tatt i starten av oktober. Nokre av bilda vil i løpet av konkurransen, og etter kåring av vinnarar, bli vist på Midtsiden.no.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.