Fotball | 08. des. 2014

... men i 5. divisjon blir det derby

Mens Os og Lysekloster har hamna i kvar si 3. divisjonsavdeling får andrelaga spela mot kvarandre også neste år.

... men i 5. divisjon blir det derby
Desse talenta møtest også neste år. Knut Spangelo Haga på Os 2 i duell med Stefan Mauricio Bernsen på Lysekloster 2 i årets 5. divisjonsderby på Kuventræ. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 08. des. 2014 08:44

Etter to sesongar i same avdeling blei Os og Lysekloster plassert med kvar sine motstandarar i serien neste år.

Les òg: Begge kan rykka opp og Kven rykker opp i 2015?

Men lokaloppgjer mellom dei to klubbane blir det likevel, Os 2 og Lysekloster 2 hamnar også i år i same pulje i 5. divisjon.

Os 2 vann begge derbyane i år, men Lysekloster 2 tok 12 fleire poeng. Sjå tabell.

Os 2 og Lysekloster 2 skal spela mot Hovding og Norheimsund, som rykte ned frå 4. divisjon i år, og Ask og Baune 2, som rykte opp frå 6. divisjon.

I tillegg finn vi desse laga i 5. divisjon avdeling 1: Bergenskameratene, Dale, Erdal, Laksevåg og Smørås 2.

denne sida på fotball.no finn du alle avdelingane i 4. og 5. divisjon i Hordaland.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.