Lokal | 19. mars 2015

Menn kneip jenter i rumpa

To unge jenter ringte politiet etter eit ubehageleg møte med tre utanlandske menn.

Menn kneip jenter i rumpa
Politiet ved busshaldeplassen, her etter ein slåstkamp i 2013. (Arkiv/ill. foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 19. mars 2015 08:39

Onsdag rundt klokka 20.10 sto to jenter i 13-14-årsalderen på busshaldeplassen ved rundkjøringa mellom Byvegen og Industrivegen.

Så kom tre utanlandske menn på rundt 20-30 år.

– Jentene fortel at dei tre blei svært nærgåande, at dei hadde knipe dei i rumpa og kyssa dei på halsen, fortel politioverbetjent Audun Hadler-Olsen.

Politiet blei kontakta i 20.50-tida. Då hadde dei to jentene tatt buss til Nesttun.

– Det er uvisst kven desse tre mennene er. Vi har vore i kontakt med foreldra til jentene og vil undersøka saka vidare. Dette har vore ei veldig ubehageleg oppleving for dei to.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.