Lokal | 30. mars 2012

To menn pågripne

To menn på rundt 40 år er tatt etter skyting og trugslar i Hegglandsdalen. – Dei visste ikkje at politiet var der då dei skaut, seier lensmann Rasmus Dalen til Midtsiden.no.

To menn pågripne
Det skal ha vore på det nye industriområdet i Hegglandsdalen at ein mann skaut rundt seg. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 30. mars 2012 17:38

– Aksjonen er over. To menn er pågripne utan dramatikk, fortel operasjonsleiar Inger Myrtvedt i Hordaland politidistrikt.

Politiet fekk fredag klokka 15.54 melding om alvorlege trugslar og gjekk til væpna aksjon i Hegglandsdalen.

Ifølgje to vitne Midtsiden har vore i dialog med skal ein mann ha skote vilt rundt seg med eit våpen. Dette skjedde på det nye industriområdet i Dalen.

Meldingene spriker mellom luftgevær og hagle når det kjem til kva våpen det var snakk om.

Ved Lien-fabrikken blei all trafikk stoppa, medan politi med våpen og skjold gjekk inn mot eit bustadområde.

– Det blei avfyrt fleire skot på staden også etter at politiet kom fram. Men desse var ikkje retta mot personar, opplyser Myrtvedt.

– Skota blei fyrt av før dei to visste at politiet var på staden, supplerer lensmann Rasmus Dalen.

Dei to hadde forskansa seg innandørs, under same tak.

Politiet hadde forhandlar på staden og fekk dei til å overgje seg utan dramatikk.

Dalen vil førebels ikkje seia noko om kva våpen som blei brukt.

– Det er tatt beslag i nokre våpendelar og ammunisjon. Det er også tatt beslag i mindre mengd av noko vi trur er narkotika, seier politibetjent Rune Fimreite laurdag morgon.

Dei to som er tatt er begge rundt 40 år og reknast som kjenningar av politiet.

Minst fem patruljar var på staden, også hundepatrulje rykte ut.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.