Lokal | 11. feb. 2016

MF «Bergensfjord» har tekniske problem

Fleire ferjeavganger mellom Halhjem og Sandvikvåg har blitt kansellert torsdag. OPPDATERING: Fleire avganger kansellert.

MF «Bergensfjord» har tekniske problem
Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy.
Kari M. Lyssandtorsdag 11. feb. 2016 10:35

Klokka 05.37 torsdag kom det melding frå Fjord1 om at dei hadde problem med ei av ferjene på sambandet mellom Halhjem og Sandvikvåg.

Avgangane klokka 06.45 og 07.45 frå Halhjem, og klokka 07.00 og 08.30 frå Sandvikvåg blei kansellert.

– Det har oppstått eit teknisk problem på ferja Bergensfjord i dag tidleg, fortel operativ leiar på sambandet, Kjell Ove Høydal.

Seinare på morgonen kom det ny melding om at også avgangane klokka 09.30 frå Halhjem og 10.15 frå Sandvikvåg ikkje gjekk.

– Vi arbeider på spreng med å få fiksa problemet.

Ingen av dei seinare avgangane er så langt meldt som kansellert.

OPPDATERING:

Fjord1 melder at også avgangene klokka 11.00 frå Halhjem og klokka 11.45 frå Sandvikvåg er kansellert på grunn av dei tekniske problema til MF Bergensfjord.

Rett før klokka 11 kom det endå ein melding frå Fjord1. Også avgangene klokka 12.30 frå Halhjem og 13.15 frå Sandvikvåg er kansellert.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.