Sport | 18. feb. 2015

Mia klar for bylaget

Os-spelar Mia Torp Nilsen er ei av 16 jenter som skal spela for Region Vest i bylagsturneringa i slutten av februar.

Mia klar for bylaget
Mia Torp Nilsen er klar for bylagsturnering i Trondheim (foto: Andris Hamre)
Andris Hamreonsdag 18. feb. 2015 18:28

Onsdag blei det kjent at Os-spelar Mia Torp Nilsen er teken ut på bylaget (regionslaget) til handballregionen. Siste helga i februar skal ho som ei av 16 jenter møta lag frå då dei fem andre regionane i landet.

Med det følgjer ho opp den gode tradisjonen etter Emilie Christensen (i dag spelar i Glassverket i Grundigligaen), Eva Kristiansen (Fana i 1. divisjon), Anna Bjørke Kallestad (Viking TIF i 1. divisjon) og damespelar Vilde Brattabø med å representera på regionslaget som Os-spelar.

– Eg blei utruleg glad då eg fekk beskjeden på siste samlinga.

– Vi har vore tre strekar på samlingane, så eg trudde at ei av oss skulle ut, men slik blei det ikkje. Vi er alle tre med til Trondheim, smiler Mia når Midtsiden møter ho før trening i Oshallen.

Har kjempa seg tilbake

Hausten 2013 rauk Mia det bakre korsbandet i kneet og blei satt ut frå handballen i omlag eit halvt år.

– Eg var fast bestemt på at eg skulle tilbake.

– Å gje seg var aldri eit alternativ, fortel ho.

I mars/april var ho tilbake på handballbanen og spelte kampar for Os Turn.

– Eg visste at denne sesongen var sesongen kor eg kunne spela på bylaget.

– Difor bestemte eg meg for å trena godt og hardt gjennom heile sommaren.

– Men slik blei det ikkje. Då eg sparka fotball på stranda, så knakk eg ei tå og måtte ta ein ny pause frå treninga, fortel Mia, lettare oppgitt over kor uheldig ho skulle vera.

Knakk nasen

Som om det ikkje var nok knakk ho i haust nasen i ein seriekamp.

– Det gjorde at eg måtte stå over ei samling, men eg gav klar beskjed om at eg ville tilbake.

– Men no håper eg det er nok.

– Samstundes er det godt å vita at eg klarer å komma gjennom det og komma tilbake.

– Fjoråret blei ein nedtur, men med dette uttaket så blir det ein opptur i år, avsluttar ho med eit smil.

Mia Torp Nilsen har allereie fått sin debut på damelaget til Os, då ho spelte i Sparebanken Vest Cup mot Fyllingen tidlegare i vinter.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.