Lokal | 24. juni 2016

Mindreårige fekk kjøpa øl

Ungdomsorganisasjonen Juvente har testa 10 butikkar i Os.

Mindreårige fekk kjøpa øl
Mindreårige fekk kjøpa øl i Os (ill.foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 24. juni 2016 06:04

Mindreårige medlemmar av ungdomsorganisasjonen Juvente prøvde å kjøpa alkohol på daglegvarebutikkar i Os.

Ungdomane fekk handla på 1 av 10 butikkar.

– Dei som kjøpte var mellom 13 og 16 år, fortel Benjamin Selstø i Juvente i ei pressemelding til Midtsiden.

Testen blei gjennomført før jul i 2015, men rapporten var først klar no.

– Det er tydeleg at butikkane framleis har ein veg å gå før dei får kontroll over ølsalet sitt, meiner han.

– Kommunane har for få og for dårlege kontrollar

Totalt på landsbasis blei 1224 butikkar testa, av desse var det 361 som selte alkohol til mindreårige.

– Kommunane har ansvar for å kontrollera at butikkane følgjer alkohollova. Det er for mange kommunar som har for få og for dårlege kontrollar, og alkoholsal til mindreårige blir sjeldan rapportert.

– Legitimasjonsplikt for alle er vårt krav, seier Selstø.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.