Lokal | 24. juni 2016

Mista lappen på Hatvikvegen

Ein mann i 20-åra var for hard på gassen og mista lappen på Hatvikvegen torsdag kveld.

Mista lappen på Hatvikvegen
UP hadde torsdag kveld laserkontroll på Hatvikvegen (arkivfoto: KVB)
Andris Hamrefredag 24. juni 2016 07:32

Torsdag kveld var UP på patrulje i Os og gjennomførde ein laserkontroll i 50-sona på Hatvikvegen.

– Der blei det skrive ut sju forenkla forelegg, fortel politioverbetjent Audun Hadler-Olsen.

– Den høgste målinga var 81 km/t, noko som resulterte i at førar blei fråteke førarkortet. Det var ein mann i 20 åra som var for hard på gassen.

UP sto på kontrollen i tidsrommet 20-2230.

Snakka i telefon

Lensmannskontoret hadde også ei sivil patrulje på hjul torsdag.

– Dei bøtela ein bilførar for å køyra og snakka i handholdt mobiltelefon.

– Ei generell tilbakemelding frå dei er at det er alt for mange som køyrer og snakkar i mobiltelefon utan å bruke handsfree, så der bør osingane skjerpa seg, slår politioverbetjenten fast.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.