Lokal | 23. mars 2017

Mista lappen - tatt på nytt same kveld

Mannen var for hard på gassen i ei forbikøyring og blei tatt av laseren. Berre timar seinare møtte politiet han igjen.

Mista lappen - tatt på nytt same kveld
Mannen blei målt i 119 km/t i ein laserkontroll på Fitjar (ill.foto: KVB)
Andris Hamretorsdag 23. mars 2017 08:35

Ein mann i byrjinga av 20-åra frå Os foretok i midten av februar ei forbikøyring på E39 i Fitjar på Stord kor han blei målt av laseren til politiet til 119 km/t i ei 80-sone.

I tillegg traff den same politipatruljen mannen i den same bilen to og ein halv time seinare, på ei anna strekning på Stord. Mannen køyrde då utan førarkortet som han hadde mista tidlegare på kvelden.

Han blei difor sikta for brot på Vegtrafikkloven for å ha køyrd i strid med skilt nr 362 "Fartsgrense" (post I) og for å ha ført motorvogn utan å inneha gyldig førarkort (post II).

I Bergen Tingrett tidlegare denne månaden gav mannen ei uforbeholden tilståing, noko som blei stadfesta av dei øvrige dokumenta i saka.

«...siktede ble målt til en hastighet på 119 km/t i 80-sonen med lasermåler som ble kontrollert og funnet i orden i henhold til instruks både før og etter kontrollen. Videre fremkommer det av de nevnte dokumentene at det var mørk med belysning med fuktig og dels bar vegbane, samt at siktede senere samme dag ble påtruffet kjørende i samme bil av samme politipatrulje uten gyldig førerrett. På denne bakgrunn har retten funnet det bevist at siktede har forholdt seg som beskrevet i siktelsen, og at han i det minste har handlet uaktsomt i forhold til post I og forsettlig i post II.», heiter det i retten si vurdering.

Sparte 3000 på å tilstå

I dommen kjem det fram at retten la vekt på den uforbeholdne tilståinga og gav mannen ei bot på 15000 kroner, subsidiært fengsel i 15 dagar.

– Utan tilståing ville bota vore på 18.000 kroner, skriv retten.

I tillegg mista mannen førretten i ni månader. Han må òg køyra opp på nytt før han eventuelt kan få lappen tilbake.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.