Lokal | 30. nov. 2015

Mistenkt for køyring i rus

Ein gjengangar innan feststøy risikerer å bli meldt, ein mann i 30-åra er mistenkt for køyring i rus.

Mistenkt for køyring i rus
I 3-tida natt til søndag blei ein bil stoppa ved Uno X, der førar er misenkt for køyring i rus. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 30. nov. 2015 08:54

I 1.30-tida natt til søndag fekk politiet klage på støy frå fest frå ein einebustad på Ytre Moberg.

– Vi har fått tilsvarande klagar tidlegare òg, så huseigar fekk beskjed om at viss dette skjer fleire gongar så vil vi melda vedkomande for ikkje å retta seg etter pålegg frå politiet, fortel fungerande lensmann Rune Fimreite.

Mistenkt for køyring i rus

Seinare på natta, i 3-tida, stoppa politiet ein bil ved Uno X.

Førar, ein mann i 30-åra, er mistenkt for køyring i rus. Han blei framstilt for kontroll hos lokal legevakt.

Fleire avskiltingar

Både fredag og laurdag kom politiet over bilar med manglar.

Laurdag og søndag blei to bilar avskilta, den eine for manglande forsikting, den andre for manglande EU-kontroll.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.