Lokal | 05. sep. 2014

Mistenkt for promille etter utforkjøring

Ein ung mann hamna i grøfta i Åsen fredag kveld. No er han mistenkt for å ha vore påverka.

Mistenkt for promille etter utforkjøring
Arkivfoto: Mannen kjørte utfor Lyseklostervegen ved avkjørsla til Fjellanger Hundeskole. Bildet er frå ein frontkollisjon på same stad i 2012. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 05. sep. 2014 21:54

Fredag litt før klokka 22 fekk politiet melding om utforkjøring på Lyseklostervegen, nær hundeskulen i Åsen.

– Førar var ved bilen då vi kom fram og er uskadd, opplyser politiet i Os.

Vedkomande, som skal ha vore åleine i bilen, er mistekt for å ha vore påverka.

– Førar, som er i 20-åra, er tatt med for blodprøvetaking. Han er mistenkt for promillekjøring, kanskje også for annan rus.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.