Lokal | 22. juli 2016

Mistenkt for promille, stoppa på Fanafjellet

Politiet rykte ut då det i natt kom melding om vinglete køyring, men bilførar var nesten edru.

Mistenkt for promille, stoppa på Fanafjellet
Førar blei stoppa på Fana-sida av Fanafjellet. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 22. juli 2016 07:13

Politiet fekk i natt melding om vinglete køyring i Os og rykte til Fanafjellet.

– Bilen blei stoppa på Fana-sida av Fanafjellet, fortel politibetjent Stian Sigbjørnsen.

Test tatt på staden gav utslag, men indikerte låg promille.

Mannen, som er i 30-åra og frå Os, blei tatt med for blodprøvetaking, men det blei ikkje tatt beslag i førarkortet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.