Sport | 19. nov. 2016

Moldskred må stå over cupfinalen

– Smertene er for store, seier Mats Cato til Midtsiden.

Moldskred må stå over cupfinalen
Mats Cato Moldskred, her på treningsleir i Berlin tidlegare denne veka. (Foto: KIL/Erik Gusterud)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 19. nov. 2016 11:42

I morgon speler Kongsvinger cupfinale mot Rosenborg (kampstart kl 13.15).

Toppskåraren frå opprykkssesongen i fjor, osingen Mats Cato Moldskred, har vore skadd i haust, men hadde ei stund håp om å bli med i troppen.

– Dessverre går det ikkje. Eg var med på øvingane på treningsleiren i Berlin denne veka, men ikkje for full maskin.

– Eg er framleis ikkje bra igjen og smertene er for store til at eg kan spela i morgon.

Får medalje likevel

KIL har halta seg vidare i NM og vunne rundane med eitt mål. Moldskred rakk å putta 11 i OBOS-ligaen før han blei skadd, men har ikkje skåra i NM-rundane.

Han har likevel spelt nok til at han kan bli noregsmeister i morgon.

– Korleis blir cupfinalehelga for deg?

– I går møtte eg nokre venar frå Os, i kveld er eg med laget på spelarhotellet og køyrer same opplegg som dei andre.

– Etter finalen blir det bankett med Rosenborg og NFF, så skal vi heim til Kongsvinger på fest.

Sjå musikkvideoen Mats Cato og lagkameratane har laga til cupfinalen, der Moldskred er vokalist.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.