Lokal | 21. mai 2015

Moped kom borti trailer

Ein mopedførar hadde eit samanstøt med ein trailer ved Amfi Os, og ein traktor tippa rundt i Mobergsbakken.

Moped kom borti trailer
Ambulansen kom på staden då ein moped kom borti ein trailer ved rundkjøringa ved Amfi Os. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy).
Kari M. Lyssandtorsdag 21. mai 2015 07:31

Rundt midnatt onsdag fekk politiet melding frå ein trailersjåfør som hadde hatt eit samanstøt med ein moped.

– Det var ved rundkjøringa ved Amfi Os at mopeden skal ha kome borti traileren, fortel politiførstebetjent Rune Fimreite.

Politet har ikkje noko informasjon om at det skal ha vore personskader, men etter det Midtsiden kjenner til så skal ein gut ha blitt sendt til legevakt med mindre skader.

Ølavfall i vegen

Litt tidlegare på kvelden hadde ein traktor kvelva i Mobergsbakken.

– Traktoren tippa rundt og avfall frå ølbrygging rann ut i vegen.

Dette førte til glatt vegbane og Os brannvesen kom på staden for å ordna opp.

Ingen skal ha blitt skada i traktorvelten.

Laserkontroll

I 21.30 tida blei det halde laserkontroll på Hatvikvegen.

– Vi gav ut fire forenkla forelegg og eit pålegg om teknisk kontroll av ein moped.

Høgaste farten som var måla denne kvelden var 68 kilometer i timen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.