Lokal | 06. mai 2016

Mopedistar slapp unna med åtvaring

I november blei to kuskar skadd då hestane blei skremt av turgåar med paraply – i går blei fire ungdomar tatt på moped og ATV (!) i Hesteløypa.

Mopedistar slapp unna med åtvaring
Løypa som er bygd for trening av hest er risikoutsett grunna turgåarar. I går var det i tillegg mopedar og ATV i løypa. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 06. mai 2016 08:31

Hesteløypa har blitt svært trafikkert med turgåarar og mosjonistar etter at Knutabruo opna i oktober i fjor.

I november oppsto det ei dramatisk ulykke då to hestar blei skremt av turgåar med paraply.

I går kunne det gått endå verre.

– I 21-tida fekk vi melding om at nokon køyrde moped og ATV i løypa, fortel lensmann Oddbjørn Dyrdal.

Politiet rykte ut og møtte dei fire mc-førarane, som var frå 16 til 18 år gamle.

Risikerer store bøter

– Eg reknar med at vi definerer dette området som utmark, og ulovleg motorisert ferdsel i utmark kan føra til ganske høge bøter, seier Dyrdal.

Ungdomane som i går blei tatt på to og fire hjul slapp billig unna.

– Dei fekk ei åtvaring denne gong, men om nokon blir tatt for tilsvarande seinare så vil dei bli meldt, forsikrar lensmannen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.