Kultur | 08. des. 2013

Møt buktalaren Henrik

VIDEO: Oseana er i dag fylt med talent frå Sørlandet og Vestlandet. Midtsiden møtte både buktalar, talknekkar og ein osing før audition starta.

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 08. des. 2013 18:37

Bildeserie:

Ivan treng ikkje kalkulator. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Ivan treng ikkje kalkulator. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kåre (11) har vore klar for Norske Talenter sidan han var 8 år. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kåre (11) har vore klar for Norske Talenter sidan han var 8 år. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Fullsett Oseana. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Fullsett Oseana. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Marianne og Mona frå Vaksdal. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Marianne og Mona frå Vaksdal. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Jacob og Sondre frå Vossa Rebels. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Jacob og Sondre frå Vossa Rebels. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
1 av 5
Ivan treng ikkje kalkulator. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kåre (11) har vore klar for Norske Talenter sidan han var 8 år. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Fullsett Oseana. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Marianne og Mona frå Vaksdal. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Jacob og Sondre frå Vossa Rebels. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Søndag formiddag starta den første av to lange dagar med audition til Norske Talenter.

Det er tre destinasjonar for audition til Norske Talenter 2014, Trondheim, Oslo og Os.

Sjølv om Midtsiden ikkje fekk ta bilde eller filma inne i den fullsette Oseanasalen, medan talenta var på scenen, fekk vi møta mange talent i Vargasalen, som fungerte som venterom.

SJÅ VIDEO NEDST I ARTIKKELEN

Osing med spesielt bidrag

Men før vi kom oss inn møtte vi osingen Bjørn Blomberg med band.

– Vi skal visa noko som få har sett eller høyrd før, seier saksofinisten, meir kjent for bandet Washamba, som har spelt i Os seinast under årets Osøren Blues & Jazzfestival.

I Norske Talenter stilte han i dag med bandet Chiku & Gutta, eit band på sju musikarar.

– Eg skal spela bass-saksofon, som er eit litt uvanleg instrument. Chiku skal synga, resten skal spela afrikanske trommer, fortel Bjørn, som til dagleg er lege og forskar, og i tillegg driv restauranten Café Sanaa saman med kona Chiku.

Frå Wahamba har han også med seg bandkompisen frå Cuba med det kule namnet Norge.

Buktalar, talknekkar og unge bluesfanatikarar

Blant dei andre som var klare for audition i dag var:

Henrik (14) frå Sandnes.

– Eg har drive med buktaling i fem år, først saman med ein kompis, men no held eg på åleine.

Kåre (11) frå Bergen.

– Han har vore klar for å melda seg på Norske Talenter sidan han var 8 år, men eg sa at han måtte venta. Men no er han klar, fortel mamma Marit.

– Eg bryr meg ikkje så mykje om korleis det går, eg er nøgd med at eg kom vidare frå precast og gler meg til å gå på scenen framfor juryen, fortel den unge songaren, som skal framfør Bruno Mars sin Grenade.

Ivan (52) frå Bulgaria, busett i Flekkefjord.

– Då eg var 16 år og steppa inn for ei klassevenninne av meg, som var dårleg, og gjorde lange reknestykke på tavla ved berre å skriva svaret direkte inn, då oppdaga eg at eg hadde ei gåve når det kom til tal, fortel Ivan.

Midtsiden fekk testa han på tre reknestykke med multiplikasjon med tosifra tal. 14x19 = 266, 78x47 = 3666 og 52x64 = 3328.

Ivan svarte rett raskare enn underteikna klarte å plotta tala og finna svaret på kalkulator.

Sirill og Hege frå Fyllingsdalen.

– Vi prøvde oss i fjor òg, med ei låt vi har laga sjølv, men gjekk ikkje vidare frå precast.

– No er vi eitt steg vidare, seier jentene, klare for å framføra Emmylou av First Aid Kit.

Marianne og Mona frå Vaksdal.

To venninner som syng saman som hobby.

– Vi startar med Creedence-låta Down on the corner, og har blant anna ei heimelaga låt på lur om vi går vidare.

Vossa Rebels frå ... Voss.

Dei er frå 9 til 13 år gamle, dei kule unggutane frå Voss som også var i Oseana på fylkesmønstringa i vår.

– Blues er ein livsstil for gutar som dykk?

– Nei, det er ein religion, kjem det kjapt frå vokalist Sondre Hegg (13).

Resten av bandet består av Sondre Styve (9 år, bass), Jacob Astrup Sjøtt (13, gitar) og Eivind Styve (12, trommer).

VIDEO: Sjå stemningsrapport frå venterommet i Oseana i dag. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy, midtsiden.no)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.