Ole Martin «Olis» Lekven Kolskogen blei nordisk meister i G16 i fjor. I mai speler han G17-EM i England. (Foto: Helge Bjørke, NFF)

Møter desse motstandarane i fotball-EM

Wayne Rooney gjennomførte trekninga. Kolskogen og resten av Noreg G17 speler fotball-EM i mai.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Osingen Ole Martin Lekven Kolskogen (17), som fekk OBOS-debuten sin frå start for Åsane i serieopninga (3-1-siger over Nest-Sotra), var i mars med på å ta Noreg G17 til EM i England.

Torsdag blei trekninga av dei fire puljene i EM gjennomført av meisterskapsambassadør Wayne Rooney og UEFA Youth & Amateur Football Committee-formann John Delaney på St George's Park.

Noreg hamna i gruppe B saman med Slovenia, Portugal og Sverige (sjå alle puljene lengre nede i artikkelen).

– Eg synest det er ei ok trekning. Vi slo Sverige 4-0 sist, så vi har litt taket på dei. Vi tapte 2-3 for Portugal sist gong vi spelte mot dei, men det var kanskje litt ufortent. Og så har vi litt å revansjera mot Slovenia.

– Det ville blitt tøft uansett kva pulje vi kom i. Vi har ein sjanse i denne pulja, og det skal uansett bli morosamt, seier G17-landslagstrenar Gunnar Halle til fotball.no.

Til England i mai

Meisterskapen blir spelt i England frå 4. til 20. mai.

Gruppespelet går frå 4. til 11. mai, så er det kvartfinalar som første kamp i sluttspelet, ifølgje UEFA.com.

Semifinalane blir spelt 17. mai, finalen går 20. mai.

Kan møta vertsnasjonen

Puljene:
Gruppe A: England (vert), Sveits, Italia, Israel
Gruppe B: Slovenia, Norge, Portugal, Sverige
Gruppe C: Irland, Bosnia and Herzegovina, Danmark, Belgia
Gruppe D: Serbia, Nederland, Tyskland, Spania (tittelforsvarar)

Dei to beste i kvar gruppe tar seg vidare.

Det er allereie bestemt kven som møter kven i kvartfinalane.

Om Noreg tar seg til sluttspel blir det kvartfinale mot beste eller nest beste i gruppe A, altså ein av dei to beste av England, Italia, Sveits og Israel, avhengig av om Noreg vinn eller kjem på 2. plass i si gruppe.