Tunet - timar før opning fredag. Tysdag i neste veke blir det kunstutstilling og moteshow i tilbygget på Kyrkjetunet. (Foto: Andris Hamre)

Moteshow i nyutvida Kyrkjetun

Etter fleire sesongar med suksess i Kløvertun vil drivarane i Os sentrum testa tilbygget til Kyrkjelydshuset.

image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Klart vi kan! skriv Os sentrum i ei pressemeldinging.

– Ja, overskrifta er henta frå Bente Haugland og Bente Bratlund, to kreative jenter i bygda som de vil få stifta nærma bekjentskap med tysdag 21. mars på moteshowet, seier Tove Tvedt Skarstein.

– Denne gongen har vi i sentrum invitert med oss kunstnarar til å ha utstilling i foajeen til det nye Tunet, kyrkje og kultursenter. Der kjem Bente Haugland, Torhild og Atle Haugland. Bente er kjent for sine vakre tekstilbilder, Torhild og Atle (bror til Bente) er keramikarar.

Mat, musikk og lyrikk

Havnechefen, som opnar i april, stiller opp med smaksprøvar på det dei skal servere når torgbygget «Osroso» er ferdig.

Musikalske perler blir det òg, ved Myrna Braza og Thomas «Tom Tom» Haugland, (svigerdotter og son til Bente Haugland). Dei er nyinnflytta til Os, og Thomas blei osing nummer 20.000, noko Os kommune markerte.

Bente Bratlund feirer 40 år som forfattar og etter fleire år med pendling har ho igjen busett seg i Osbygda. Ho skal feira jubileet seinare i år, på Oseana. Bratlund vil med sine kreative og fargerike ord vera med å kasta glans over kvelden.

Geir-Magne er los

Geir-Magne Johnsen Moberg er, som sist, kveldens konferansier.

– Han skal leia oss gjennom eit moteshow der vårens moter er tema. Her ser vi kjente og kjære modellar i flotte antrekk, sko, briller og smykker frå lokale butikkar.

I kjent stil så vert det gavedryss frå deltakande butikkar, så her er vinnersjansane store …

Nytt lokale

Etter moteshowet blir det livleg på Osøyro, då er det kveldsope i butikkane.

– Nytt i år er at vi er ein av dei første som har arrangement i det nye «Tunet kyrkje og kultur senter», som opna fredag i førre veke. Temaet vårt på kvelden, «kunst, kultur og mote», passar jo heilt inn til det huset er tenkt for.

Utstillinga opnar kl 18 og moteshowet startar kl 19.