Sport | 10. sep. 2016

Møtte eit betre lag

Med åtte mann ute med skadar og sjukdom blei det for tøft for Lysekloster mot serieleiar Florø.

Møtte eit betre lag
Midtstoppar Gojko Ivkovic skåra Lysekloster sitt mål (foto: AH)
Andris Hamrelørdag 10. sep. 2016 14:43

Lysekloster tok laurdag imot serieleiar Florø til kamp heime i Lysefjorden.

– Vi stilte redusert i dag med åtte mann som anten var skadd eller som låg heime med influensa, fortel sportsleg leiar Svein Kollen.

Då blei det for tøft for heimelaget. Gjestane gjekk opp i 0-1 etter 17 minutt, før dei auka til 0-2 etter 26 minutt, men Lysekloster gav ikkje opp og reduserte til 1-2 tre minutt før pause ved Gojko Ivkovic.

Lysekloster - Florø 1-3 (1-2)
Lysekloster sitt lag: Chris Sunde Midtun, Gojko Ivkovic, Ola Sjømæling, Baste Jonassen, Denis Lubovic, Hans-Christian Nysæther (Håkon Fagerbakke Kvittingen, 85 min), Martin Eidsvik, Joshua Philip Pritchard (Aleksander Andersen, 22 min), Ståle Steen Sæthre, Sebastian Holmqvist, Ken-Joar Lyngås Føyen (Asgrim Tangen Farnes, 64 min).

Lysekloster gjorde seg ikkje vekk, men måtte sjå at dei møtte eit betre lag laurdag.

– Det var eit godt lag vi møtte. Det er det ikkje tvil om. I dag må vi berre innrømma at dei var betre enn oss, oppsummerer Kollen.

Med tap mot Florø ligg Lysekloster, i skrivande stund, på sjette plass à poeng med Vidar på plassen foran og VIF2 på 4. plass. Bak dei er Fana med to poeng mindre, men både Fana og VIF2 har ein kamp mindre spelt.

– Vi må berre stå på, avslutter Svein Kollen.

Sjå tabellen

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.