Lokal | 23. juli 2014

Møtte ikkje til soning

Politiet hadde tysdag nokre trafikkontrollar med fangst, i tillegg henta dei ein som drøya med å møta i fengsel.

Møtte ikkje til soning
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 23. juli 2014 08:32

Han fekk seg nokre ekstra dagar i sola, mannen som ikkje møtte til soning til avtalt tid.

– Vi fekk ikkje opplyst kor tid han skulle møtt, men fengselet ba oss i går om å bringa domfelte inn, fortel konstitiuert lensmann Audun Hadler-Olsen.

Vedkomande, som er i midten av 40-åra, var verken vanskeleg å finna eller vanskeleg å få med seg.

Mange gløymer førarkortet

Politiet hadde i går dokumentkontroll på vegen ut til Bjørnen ved Auredalen.

13 bilar blei kontrollert og det blei skrive ut eitt gebyr. Gebyret gjekk til ein førar som ikkje hadde førarkort med seg.

I 21-tida var det trafikkontroll i Lysefjorden. Der blei 54 bilistar kontrollert.

– Vi skreiv ut 4 gebyr, 3 grunna manlade førarkort, 1 grunna to dårlege sommardekk.

I tillegg stoppa politiet ein bil der førar fekk forenkla forelegg grunna manglande nummerskilt framme på bilen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.