Lokal | 14. mars 2016

Musikal-parade frå Kongshaug

Laurdag 16. april diskar Kongshaug Musikkgymnas opp med ein musikal-aften av dei sjeldne i Oseana.

Musikal-parade frå Kongshaug
!6. april vert det musikalparade i Oseana. (Tilsendt illustrasjonsfoto)
Cathrin Valestrandmandag 14. mars 2016 19:33

Vårens storsatsing frå Kongshaug Musikkgymnas si side, er ein musikal-kveld i Oseana, laurdag 16.april.

– Då vert det utdrag frå ulike kjende musikalar, som «Sound of music», «West side story», «Mamma Mia», «We will rock you» og «Les Miserable». Alle elevane er i sving, med korsang, solist- og gruppeinnslag- både vokalt og instrumentalt, heiter det i ei pressemelding frå musikkgymnaset.

Viser ulike talent

Det er 100 elever engasjert i oppsetninga, fordelt på små og store ensemble, og mange elevar er sangsolistar og musikarar. Skulekoret framfører songar frå «Mamma Mia» saman med ei dansegruppe.

– Det heile er ein konsertversjon, men med ein del rekvisittar og regi til dei ulike innslaga.

Håpar på godt besøk

– Vi trur dette skal bli ei fin oppleving for publikum, og vonar at bygdefolk og andre vil skunda seg å få tak i billettar! Desse kan ein få hos P.M.Sælen, på kyrkjekontoret og ved å kontakta Kongshaug Musikkgymnas.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.