Næringsliv | 15. des. 2013

Mykje folk og fine varer

Over 25 utstillarar er på plass med alt frå hundedressur til julefotografering, handlaga julepynt og heimelaga graut.

Mykje folk og fine varer
Spellemann-nominerte Gina Aspenes kjøpte ein rocka skinnfell av Nils Brynjulf Bøe. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 15. des. 2013 15:08

Bildeserie:

Julemarknaden lokkar mykje folk til Os i dag. (Foto: KVB)
Julemarknaden lokkar mykje folk til Os i dag. (Foto: KVB)
Fjellanger Hundeskole lager liv i sentrum. (Foto: KVB)
Fjellanger Hundeskole lager liv i sentrum. (Foto: KVB)
Full kontroll. (Foto: KVB)
Full kontroll. (Foto: KVB)
Julekort? Silje Lepsøy har rigga opp studio med julestemning. (Foto: KVB)
Julekort? Silje Lepsøy har rigga opp studio med julestemning. (Foto: KVB)
Nornekoret serverer graut og gløgg. (Foto: KVB)
Nornekoret serverer graut og gløgg. (Foto: KVB)
Kunstnar og musikar Ine Tumyr stiller ut med julepynt. (Foto: KVB)
Kunstnar og musikar Ine Tumyr stiller ut med julepynt. (Foto: KVB)
Porselen frå Os, av Ine Tumyr. (Foto: KVB)
Porselen frå Os, av Ine Tumyr. (Foto: KVB)
Nissen frå Skogedal var på plass. (Foto: KVB)
Nissen frå Skogedal var på plass. (Foto: KVB)
Frå stortinget til stand på Os, Laila Reiertsen. (Foto: KVB)
Frå stortinget til stand på Os, Laila Reiertsen. (Foto: KVB)
Julepynten har Laila laga sjølv. (Foto: KVB)
Julepynten har Laila laga sjølv. (Foto: KVB)
Kunstnar Margun Tveitnes. (Foto: KVB)
Kunstnar Margun Tveitnes. (Foto: KVB)
1 av 11

Søndag klokka 14 opna den nye, store julemarknaden i Os sentrum.

– Eg var på gråten i går, innrømmer vikarierande leiar for Os Sentrumsforening, Laila Moberg.

Men regn og vind laurdag skifta til sol og klart vintervêr søndag.

– I dag er eg berre glad, og det er utstillarane òg. Vi hadde ikkje trudd at det skulle koma så mykje folk, og eg er veldig nøgd med miksen av utstillarar.

Marknaden er open til klokka 18 i dag, og Moberg er allereie i gang med å invitera utstillarane tilbake.

– Det er mogleg vi repeterer dette neste søndag, for dette var kjempekjekt!

– Knallstart med skinnfell

Alle utstillarane Midtsiden prata med, cirka ein time etter opning, fortel om knallstart, fine tilbakemeldingar, og svært godt sal.

– Det er flørste gong eg stiller ut med varene mine, og eg har nok selt rundt ti skinfellar denne første timen, seier Nils Brynjulf Bøe.

Nils Brynjulf sslaktar 80 - 100 sauar kvar haust og sel pinnakjøt frå garden sin i Os.

– Men skinnfellene er også populære, som gåve til jul, bryllaup og runde dagar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.