Kultur | 14. mars 2014

Mykje latter og løye

Revygruppa på Nore Neset (nesten) klare til å raljere over små og store hendingar i Osbygda.

Mykje latter og løye
Det blir garantert høg stemning når Nor og Ne inviterar til revy i Symrasalen om ei veke (foto: Andris Hamre)
Andris Hamrefredag 14. mars 2014 09:07

Bildeserie:

Boybandet frå Bømlo freistar lykka på Osfest (foto: Andris Hamre)
Boybandet frå Bømlo freistar lykka på Osfest (foto: Andris Hamre)
Kven har æra for dei forskjellige prosjekta i Os? (foto: Andris Hamre)
Kven har æra for dei forskjellige prosjekta i Os? (foto: Andris Hamre)
Overgangsalder og midtlivskrise? (foto: Andris Hamre)
Overgangsalder og midtlivskrise? (foto: Andris Hamre)
Lokale heltar kan ikkje vera hårsåre (foto: Andris Hamre)
Lokale heltar kan ikkje vera hårsåre (foto: Andris Hamre)
Mange talent har stått fram i Os det siste året (foto: Andris Hamre)
Mange talent har stått fram i Os det siste året (foto: Andris Hamre)
1 av 5

Med berre ei veke til premiera er det hektisk aktivitet i Symrasalen på Nore Neset. Omlag 20 numre skal sitta klistra, trinna skal stemma og rett kostyme skal på plass til rett nummer.

– Vi er vel der vi var på same tida i fjor.

– Forskjellen er at då hadde vi enno to månader til premiera, ler ei lett stressa Susan Askvik medan regissør Thomas Helgensen går gjennom kva nummer dei må prioritera å øva på.

Førebuingane starta allereie før jul, men likevel blir det ein hektisk innspurt.

– No øvar vi fire gonger i veka, fortel Askvik.

Ikkje for dei minste

Årets revy, den åttande i rekka, har revygjengen på Nore Neset kalla "Heilt på Kanten".

– Som tittelen seier, så går vi vel enno litt lengre enn vi har tørt tidlegare.

– Vi har blitt tryggare på kvarandre og på oss sjølv på scena, så då tek vi sjansen på å trekka både tekstane og songane litt lenger.

– Det er vel ikkje ei framsyning for dei minste nei, kjem det kjapt frå bakrommet.

– Vi har gått mange rundar på tekstane. Vi prøver å halde oss innanfor, men det er nok heilt på kanten, innrømmar regissøren.

Lokalt, men litt større

Då Midtsiden var innom øvinga torsdag fekk vi nokre smakebitar fra dei to aktane på omlag 40 minutt kvar. Ikkje alt hadde dei lyst å røpa for lokalpressa, men ein ting kan vi slå fast. Her kjem både lokale bedrifter, lokalpolitikarar, "kjendisar" og lokalmedia til å bli heidra med parodiar.

– Vi held oss i det store og heile til lokale sakar, men har i år lyst til å testa ut nokre meir generelle numre som ikkje har det same lokale tilsnittet.

– Så får vi sjå om humoren vår også treff publikum, avsluttar Thomas Helgesen.

Premiera er fredag 21. mars, med tre påfølgande framsyningar laurdag og helga etter.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.