Lokal | 26. mars 2015

Når hentar dei bosset?

I påsken blir fleire av hentedagane for boss FØR ordinær tid. Her er ei oversikt.

Når hentar dei bosset?
I samband med påska er det andre hentedagar for bosset (foto: BIR)
Kari M. Lyssandtorsdag 26. mars 2015 12:40

Du må vera tidleg ute om du vil ha bosset vekk i påsken.

Fleire i Os har tømmedag torsdag og fredag, men venter du til skjertorsdag og langfredag med å setta ut bosset så må du venta ei ekstra veke før bossbilen kjem.

Har du tømmedag torsdagar er denne framskynda til måndag 30. mars.

Plar du få bosset ditt henta fredag bør du neste veke trilla spannet fram tysdag 31. mars.

Dette gjeld både restavfall og papir.

Har du tømmedag måndagar blir det ingen endringar neste veke, men måndag 6. april (2. påskedag) blir det ikkje henting, så då må du trilla fram spannet tysdag 7. april.

– Folk må vera oppmerksame å at bosset kan bli henta seinare på dagen enn vanleg, og og ein må ha tolmod og la spannet stå ute til det er tømt.

Papirdag veka etter påske, for dei med tømmedag måndag, blir onsdag 8. april, melder bir.no.

For gjenvinningsstasjonane så vil dei vera stengt alle helligdagar og påskeaftan. Og onsdagen før påske stenger dei klokka 15.00.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.