Annonse

Annonse

midtsiden

Narkobeslag gav tur i arresten

Ein fellesnemnar for politiets aktivitetar onsdag har vore narkotika. To blei satt i arresten for besittelse og oppbevaring.

Av: Andris Hamre Torsdag, september 9, 2010 - 10:08

I to-tida fekk politiet ei melding om ein mann på bussen som hadde sovna og som sjåføren ikkje fekk liv i.

- Vi rykka ut og fekk liv i karen, men fann samstundes 12 gram Amfetamin, nokre tabletter og tjuvegods på mannen, fortel politiførstebetjent Audun Hadler-Olsen.

- Mannen ble teken med på kontoret før han blei sendt i arresten kor han vil bli avhørt i dag.

- Det var ein kar i 30-åra som ikkje er heimehørande i Os, seier Hadler-Olsen.

Kvinne motsette seg ransaking
På onsdagskvelden beslutta politiet å gjennomføre ransaking av ein bustad i Os.

- Ei kvinne i 30-åra som befant seg i bustaden satte seg opp mot politiet og forsøkte hindre patrulja i å gjennomføre ransakinga, fortel politiførstebetjenten.

- Dette saman med at vi fann ei mindre mengde tablettar ga oss grunnlag for å arrestere kvinna.

To anmeldt for drikking
I to-tida natt til torsdag kom patrulja over to personar ved Amfi på Flåten.

- Dei blei anmeldt for drikking på offentleg stad. Samstundes fann vi noko hasj på den eine.

Er det ei oppblomstring av narkotika vi no ser?

- Nei, det er nok berre tilfeldigheit at desse sakane kjem på same dagen.

- Vi har ikkje registrert noko nytt miljø i bygda. Tvert i mot opplever eg heller det motsatte at ungdommen i større grad tek avstand frå narkotika, avsluttar politiførstebetjent Audun Hadler-Olsen.

Patrulja var òg ute på ei mogleig fyllekjøring på Halhjemsvegen, men fann ikkje den sølvgråe Volvoen dei såg etter.

Tips midtsiden.no

Kjetil Vasby Bruarøy + 47 90 78 92 70
Andris Hamre +47 47 90 61 11

 
Hjem

Ansvarlig redaktør: Kjetil Vasby Bruarøy.
I redaksjonen: Andris Hamre.
TIPS OSS PÅ MOBIL/SMS/MMS:
+ 47 90 78 92 70
+ 47 47 90 61 11