
Narkorus og knust rute
Av: Andris Hamre Mandag, august 30, 2010 - 10:52
Politiet heldt natt til måndag ein trafikk-kontroll på Røykenes.
- Det var stort sett fin køyring, men vi stoppa ein mann i 20-åra som vi mistenkte for å køyre i narkotikapåverka tilstand. Han ble teken med til utvida blodprøve, seier politiførstebetjent Audun Hadler-Olsen.
Det blei òg funnen nokre tablettar i bilen til mannen.
Knust bakrute
Tidlegare på sundagen var politiet på staden der ein bil hadde fått knust bakruta.
- Vi har ikkje fått kontakt med eigaren, så vi veit ikkje om det er stole noko frå bilen, fortel Hadler-Olsen.
Bilen sto parkert i Os sentrum.
Kommentarer
Tips midtsiden.no
Kjetil Vasby Bruarøy + 47 90 78 92 70
Andris Hamre +47 47 90 61 11
© 2012 midtsiden.no