Lokal | 05. jan. 2015

– Naturleg å sjå på grensene

Ordførar Terje Søviknes (Frp) trekk oppatt diskusjonen om å flytta grensa mot Bergen opp på Fanafjellet.

– Naturleg å sjå på grensene
Nordvik kan bli i Os om forslaget frå ordførar Terje Søviknes (frp) blir ein realitet (foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Andris Hamremandag 05. jan. 2015 09:46

På byrjinga av 2000-talet sendte Os kommune ei formell henvending til dåverande byrådsleiar i Bergen, Anne-Grete Strøm-Erichsen (Ap) om å flytta kommunegrensa mellom Os og Bergen frå dagens grense mellom Sperrevika og Nordvik til toppen av Fanafjellet.

No tek Os-ordføraren oppatt tråden.

– Når vi først diskuterar kommunereform og eventuelle kommunesamanslåingar, så meiner eg heilt prinsippielt at det er naturleg å også sjå på dei eksisterande kommunegrensene. Det er ikkje alle stader dei går på det som er det mest naturlege.

– Nordvik har det meste av sitt nærtilbod i Lysefjorden krins med idrettsplass, butikk, kafé og pub.

– Eg trur òg at den kommunale tenesteproduksjonen innan til dømes heimetenester/-sjukepleie og vatn og avlaup vil kunne driftast meir effektivt frå Os enn frå Bergen-sida, forklarar Søviknes.

Vil ha lokal folkerøysting

Då saka var oppe sist, blei det mykje eindel oppslag i media.

– Eg fekk inntrykk den gong at det var delte meiningar i Nordvik om det å flytta over til Os.

– For at det skal bli vellukka, så må det gjennomførast ei lokal folkerøysting slik at dei som bur der får seia si meining.

Stort utbyggingsområde

På Os-sida ovanfor Sperrevika ligg ein nyleg godkjent reguleringsplan med vel 100 einebustader.

– Området vil nok bli attraktivt no når ny E-39 og Lyseparken blir utvikla.

– Når denne reguleringsplanen blir bygd, vil Nordvik i enno større grad bli knytt mot Lysefjorden.

– Vi er i dialog med ein grunneigar for å få løyst rekkjefølgjekravet om trygg skuleveg til Lysekloster skule i samband med den reguleringsplanen, fortel Søviknes.

Skule og vatn

Bergen kommune har i dag to tenester i det aktuelle området. Nordvik skule og Svartavatnet som er drikkevasskjelde for Bergen.

– Det er klart at dette er tema som det vil kunne bli diskusjonar kring om grensa flyttast.

– Dei som bur i Nordvik vil nok kjempa for å behalde skulen, men samstundes skal ein ikkje gløyma at Lysekloster skule no blir bygd ut og at ein der får eit komplett oppveksttilbod med skule, barnehage og idrettsplass, avsluttar ordføraren.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.