Lokal | 20. mai 2015

Nei, dette handla ikkje om svidd mat

Brannvesenet var ute på pipebrann i går (i mai!) og på automatisk alarm i Bjørnegården i dag.

Nei, dette handla ikkje om svidd mat
Det blei ingenting å sløkka, men ein fin luftetur utandørs for alle evakuerte i Bjørnegården i dag. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 20. mai 2015 12:38

Onsdag litt over klokka 14 rykte brannvesenet ut til Os sentrum.

– Det var ein automatisk varslar og heile bygget blei evakuert, fortel Gitle Smaadal frå Os brannvesen.

Årsaka til at alarmen gjekk var ikkje svidd mat i restauranten i 2. etasje, men bygningsarbeid i ein leilegheit.

– Handverkaren hadde gløymt å dekka til då han sagde stå støvet sto rett inn i varslaren.

Pipebrann i Hegglandsdalen

Tysdag var brannvesenet på utrykking i Hegglandsdalen.

– Det var pipebrann i ein bustad, men ikkje meir dramatisk enn det plar vera.

– Dei som bur i huset kunne bli buande og feiarar er i dag på staden på inspeksjon.

– Pipebrann i mai - det er noko seint på året?

– Ja, dei seier grøne vintrar er verst, då blir omnen ståande lenge ubrukt. Eg veit ikkje om det er tilfellet her, men det er nok fleire som hadde håpa på høgare temperatur no på forsommaren, seier Smaadal, som også er ansvarleg for drifta av Os hamn.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.