Sport | 06. aug. 2015

Nervepirrende for Amalie

Amalie Evensen skaut fantastisk på skive 1 under landsskytterstemnet. Det blei ei nervepirrande anvisning med heile 25 skyttarar med fullt hus.

Nervepirrende for Amalie
Amalie Evensen smilte blidt då skiva skulle bli anvist (skjermskot frå livesendinga til landsskytterstemnet)
Andris Hamretorsdag 06. aug. 2015 08:21

Allereie klokka 9 torsdag morgon var Os-skyttaren Amalie Evensen klar for finale på 100 meter for eldre rekrutt under landsskytterstemnet på Lesja. Etter å ha skutt heile 24 innertiarar på den innleiande skytinga kvalifiserte ho til skive 1 på finaleskytinga.

Det blei ei nervepirrande oppleving (ikkje minst for publikum og dei av oss som følgde skytinga på livesendinga frå Lesja).

Som siste skyttar fekk Amalie Evensen sjå skota sine etter at dei andre i laget hadde blitt vist tre og tre om gangen. Anita Bjørkedal frå Sartor var den einaste som hadde klart meisterstykket på prikka inn 10 av 10 innertiarar i finalen.

– Er du spent? Korleis trur du det går, undra reportar Jørn Larsen.

– Eg er veldig spent. Eg har ingen peiling, smilte Amalie før resultatet kom opp.

– Eg kjenner Amalie og veit ho er ein god skyttar. Eg håpar ho skyt 100, men har jo lyst til å vinna, kommenterte Bjørkedal før anvisninga.

To sentrum unna

Amalie skaut ein kanonbra serie og fylte blinken med 10 av 10 tiarar. Det starta med sentrumsblinkar på dei fire første skota før ho fekk 10,1 på det femte skotet. 10,4 kom på det sjuande skotet. Dei andre satt i sentrum.

Det holdt diverre ikkje heilt inn. Med den enorme skytinga dei eldre rekruttane viste i finalen enda Os-skyttaren på femte plass med 350 poeng.

– Det er kun perfekte seriar vi har sett her i dag. Det er rett og slett spinnvilt, kommenterte programleiar Tor Idar Aune.

Spenninga er ikkje over på landsskytterstemnet. Søstera til Amalie, Sofie, skyt finale i rekrutt-klassa litt etter klokka 10.30 torsdag formiddag.

Les òg: Finalesøstrene

4. plass til Arvid

Før ungjentene gjekk inn på standplass var Arvid Austefjord i sving på 200 meter i klasse V55.

Som dei to yngre lagkameratane gjorde han sine ting bra. 99 poeng med fem sentrumsblinkar holdt til ein 4. plass i klassa med 345 poeng.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.