
Neset opna fylkeskonferansen
I dag opna den 36. årlege fylkeskonferansen for kultur og idrett.
Over to dagar er rundt 230 representantar frå kommunane i Hordaland samla til seminar, og årets seminar går i Os og Oseana.
Det var på ein av dei føregåande konferansane at ordførar Terje Søviknes passa på å invitera til å halda 2011-konferansen i nye Oseana, som i går fekk miljøpris på ZERO-konferansen i Oslo, noko Søviknes fekk med i sin velkomsttale i dag.
Men før ordføraren fekk ordet, før nokon fekk ordet, fekk vi lytta til to låtar av og med osingen og saksofonisten Marius Neset, flyboren frå Købehavn.
– Idrett og kultur heng saman. Sjølv er eg glad i fjella i Os og resten av landet, og det intense med å koma seg opp på eit fjell kan samanliknast med intense delar av musikken, sa Marius, som blant anna har skrive «Suite for the Seven Mountains», som går i Oseana 27. mai 2012.
SJÅ VIDEO NEDST I ARTIKKELEN
Etter innleiinga blei fylkeskonferansen delt i tre; idrett, bibliotek og museum.
Blant foredragshaldarane er fylkesmann Lars Sponheim, Guro Øvsthus frå Bergen Turlag, Aftenposten-journalist Per Kristian Bjørkeng, fylkeskonservator Per Morten Ekerhovd og direktør for Norsk teknisk museum, Hans Weinberger.
Konferansen held fram onsdag. Her kan du sjå heile programmet (hordaland.no).
VIDEO (04:50): Sjå delar av opninga og rundt to minutt av Marius Neset si framføring og tale til salen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kommentarer
Tips midtsiden.no
Kjetil Vasby Bruarøy + 47 90 78 92 70
Andris Hamre +47 47 90 61 11
© 2012 midtsiden.no