Lokal | 27. nov. 2015

Neste veke må du koka vatnet

Kommunen sender ut kokevarsel for store delar av Os frå onsdag kveld i neste veke.

Neste veke må du koka vatnet
Reservevasskjelda Hovlandsvatnet blir houvdkjelde neste veke (foto: AH)
Andris Hamrefredag 27. nov. 2015 08:01

Ny inntaksleidning i hovuddrikkevasskjelda i Os, Krokavatnet, skal koplast saman med resten av vassleidningsnettet. I mellomtida vil drikkevatnet koma frå reservevasskjelda Hovlandsvatnet. Hovlandsvatnet oppfyller ikkje alle Mattilsynet sine krav til reinsing av drikkevatn fortel Os kommune i ei pressemelding.

Dette medfører at dei fleste i Os kommune som får vatn i frå Os vassbehandlingsanlegg, vil måtta koka drikkevatnet i ein periode. Abonnentar som bur i Lysefjorden og får vatnet sitt frå Søvik vassverk vert ikkje råka. Alle vassabonnentar som vert råka vil få varsel på SMS eller automatisk telefonoppringing om at dei må koka drikkevatnet sitt.

Kokevarselet vil gjelda frå onsdag 2. desember klokka 22.00, og anslagsvis fem dagar fram i tid. Ny melding vert sendt ut når kokevarselet er oppheva.

Bakgrunn for arbeidet er at inntaksleidningen i Krokavatnet kollapsa i oktober i fjor. Dette medførte kokevarsel før eit mellombels inntak kom på plass. Denne mellombelse inntaksleidningen skal no fjernast, den nye leidningen koplast til og reingjerast, før vatnet igjen kan forsyna Os vassbehandlingsanlegg med ei permanent løysing.

- Vi er leie for ulempene dette gjev folk i førjulsstria. Samstundes er det heilt naudsynt å få på plass den nye inntaksleidningen for å sikra tilførselen av godt og trygt drikkevatn. Difor må vi berre oppmoda folk til å halda ut kokinga i nokre dagar. Vi skal jobba så raskt vi kan, lovar prosjektingeniør i Os kommune, Lene Jeanett Nordstrønen.

Dette skal du gjera når du får varsel om å koka drikkevatnet

Koking drep mikroorganismar som virus, bakteriar og parasittar. Vatnet bør fosskoka i eitt minutt. Ein vasskokar vil normalt fosskoka vatnet før han slår seg av, og det er tilstrekkeleg. Ved bruk av mikrobølgjeomn, må du forsikra deg om at vatnet fosskokar. Flaskevatn kan vera eit alternativ til kokt vatn.

Alt drikkevatn må vera kokt.

Bruk dessutan kokt vatn til:

  • All mat som ikkje skal kokast eller varmebehandlast over 100 grader.
  • Utblanding av saft og andre produkt som skal drikkast eller etast.
  • Kaffi. Kaffitraktarar kokar ikkje vatnet, og vatnet til kaffitraktaren må difor vera kokt på førehand. Andre typar kaffimaskiner bør sjekkast med forhandlar.
  • Isbitar.
  • Skyljing av frukt, salat og grønsaker som ikkje skal kokast.
  • Tannpuss.

Ukokt vatn kan brukast til:

  • Koking av mat.
  • Handvask. Vask hendene med såpe, skyl og tørk etterpå.
  • Dusjing og karbad. Pass på å ikkje svelgja vatn. Ha særleg kontroll med små barn.
  • Oppvask for hand og oppvaskmaskin. Ved oppvask for hand må oppvasken skyljast med kokt, varmt vatn eller tørkast godt. Oppvaskmidlar med desinfeksjonseffekt er ikkje tilstrekkeleg.
  • Klesvask.
  • Reinhald i huset. Anna bruk:
  • Barn bør ikkje leika med vatnet i hagevatningsanlegg eller bada i barnebasseng i periodar med kokevarsel.

Kjelder: Folkehelseinstituttet og Mattilsynet

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.