Lokal | 18. des. 2014

Nissen kom i helikopter

Dei var veldig spente, elevane frå Kuventræ barneskule, på kva transport nissen kom til å velja på reisa til Ulven og Os Aero klubb.

Nissen kom i helikopter
Julenissen og nissekona landa standsmessig i helikopter. Turen gjekk frå Hegglandsdalen International Airport til Vaksinen flyplass. (Foto: KML)
Kari M. Lyssandtorsdag 18. des. 2014 20:57

Bildeserie:

1 b frå Kuventræ barneskule tykte det var gøy å læra om fly. Her er det MArtin og Sara som er pilotar. (KML)
1 b frå Kuventræ barneskule tykte det var gøy å læra om fly. Her er det MArtin og Sara som er pilotar. (KML)
Hilda viser korleis ein kan snakka saman inni eit seglfly. (KML)
Hilda viser korleis ein kan snakka saman inni eit seglfly. (KML)
– Er du julenissen? Det var ikkje lett å veta kva Terje Søviknes jobbar med, men det kom mange gode forslag. (KML)
– Er du julenissen? Det var ikkje lett å veta kva Terje Søviknes jobbar med, men det kom mange gode forslag. (KML)
Tore Øvreeide forklarer korleis flyet klarar å halde seg i lufta. (KML)
Tore Øvreeide forklarer korleis flyet klarar å halde seg i lufta. (KML)
Nissen og nissekona kom i helikopter. (KML)
Nissen og nissekona kom i helikopter. (KML)
Det var stas å helsa på nissen. (KML)
Det var stas å helsa på nissen. (KML)
Foreldre hadde diska opp med julegraut. (KML)
Foreldre hadde diska opp med julegraut. (KML)
Ordførar Terje Søviknes, julenissen, nissekona og Tore Øvreeide. (KML)
Ordførar Terje Søviknes, julenissen, nissekona og Tore Øvreeide. (KML)
1 av 8

– Desse gjer at du svinger, og med denne går flyet opp og ned.

Elevane frå klasse 1b på Kuventræ barneskule forklarer ivrig det dei har lært om flya til Os Aeroklubb.

Dei er invitert av Tore Øvreeide i Os Aero klubb på førjulsbesøk på flyplassen på Ulvensletta.

Her har dei fått koma inn i hangaren og fått prøvesitja flya og lært korleis dei fungerer.

– Dette flyet har ikkje motor, her styrer du og her kan du snakka inni, fortel Hilda, som har lært mykje om seglfly.

Kontaktlærar Aina-Iren Vetvik Olsvold synest det er veldig spennande å bli invitert bort på Vaksinen flyplass.

– Her får dei læra om fly på ein anna måte enn gjennom bøker og TV. Det er ei stor oppleving for ungane, det er heilt fantastisk.

– Er du julenissen?

Å bli kjent med flya var ikkje det einaste Øvreeide hadde stelt i stand denne dagen. Inne blei det julegraut, og jammen kom ordføraren òg på besøk.

Men kven Terje Søviknes er var det ingen som visste, og etter å ha vore innom julenisse, flygar og andre yrke så måtte han til slutt røpa rolla han er mest kjent for.

– Her ser eg at eg har ein jobb å gjera, var den lattemilde kommentaren frå ordføraren.

Nissen i helikopter

Eit voldsomt bråk utanfor fekk alle ungane til å springa ut. Der kom sjølvaste julenissen og nissekona i helikopter.

– Det var for dårleg vêr til at reinsdyra ville bli med, forklarte nissen, som hadde med seg noko lurt i sekken til alle borna.

Tore Øvreeide har i mange år engsjert seg for born og unge, og har blant anna vore med Kreftforeningen fleire gongar der born har fått blitt med opp i fly.

No vil han få til noko lokalt.

Lært å bruka fantasien

– Eg har alltid likt å vera med ungar, og etterkvart har eg og fått fem barnebarn som eg tar med på mykje rart.

– Då eg var liten var det ikkje mykje å finna på i Hegglandsdalen så vi måtte læra oss å bruka fantasien, og med blant anna Terje Hatvik fann eg på mykje løye i barndomen.

Tanken bak dagens arrangement var eigentleg å invitera til tradisjonell julefeiring på gardsbruket i Hegglandsdalen, med hest og slede, og å lære borna om jula i gamledagar.

– Men det gjekk ikkje, så då blei det heilt motsett og ein moderne nisse i helikopter i staden.

Har mange planar

Øvreeide, som skildrar seg sjølv som ein bygdeoriginal frå Hegglandsdalen som får til mykje med lite, har mange planar framover, blant anna ei bok med små historiar frå Hegglandsdalen.

– Eg ønskjer òg å få til eit opplegg på garden vår, mellom anna for unge som har hatt det ekstra tøft i livet anten ved sjukdom eller at dei har mista nokon.

Han har mange idear, som naturstiar, fisketurar og julefeiring, og fortel at han ventar på å få godkjenning til å driva med det han brenn for.

Vetvik er sikker på at ungane frå Kuventræ har fått eit minne for livet på Øvreeide sitt arrangement, og på spørsmål om dei har hatt det kjekt kjem det eit unisont: -Ja!

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.